Vedtekter

VEDTEKTER FOR LUSTER SOGELAG VEDTEKNE PÅ ÅRSMØTE 8. APRIL 2006

FORMÅL

§ 1       Laget har til formål å fremja interessa for slekts- og lokalhistorie og kulturvern, samla inn og ta vare på alt som er av verdi for Luster kommune si historie og som kan fortelja om folk sine levekår gjennom tidene.

ARBEIDSOMRÅDE

§ 2       Verksemd. For å nå målet kan laget, i samarbeid med aktuelle kommunale organ arrangera møte, kurs, ekskursjonar, registreringar, innsamling av munnleg tradisjon, musikk, målføre, stadnamn, fotografi og anna av historisk interesse.  Sogelaget skal arbeida for at det vert gjeve ut  bygdebok og lokalhistorisk årbok.  Hafslo sogelag skal i tillegg arbeida for vern av fornminne og kulturminne av alle slag i Luster kommune.

FAGLEG SAMARBEID

§ 3       Laget står tilslutta Landslaget for lokalhistorie, Sogn Historielag og evt. fellesråd for historielag i fylket.

MEDLEMSKAP

§ 4       Medlemer av laget er:

a)     Årsmøtemedlemer som betalar den årlege kontingenten

b)    Æresmedlemer etter § 10

Kontingenten vert fastsett av årsmøtet.  Utmelding av laget må skje skriftleg.

STYRE

§ 5       Laget skal leiast av eit styre på 5 medlemer med 3 varamedlemer.

            Årsmøtet vel:

a)     Leiar og styremedlemer for 2 år.  3 og 2 ”går ut” annakvart år.

b)    3 varamedlemer for 1 år

c)     2 revisorar (alt. 1 revisor) for 2 år

d)    Valnemnd på 3 medlemer for 1 år

Innan styret vert nestleiar, sekretær og kasserar valde.  Styret vert samankalla av leiaren.  Styremedlemene skal få innkalling minst 3 dagar før møtet.  Styret er vedtaksført når minst 3 medlemer er tilstades.  Styret vel nemnder til å ta seg av særskilde arbeidsoppgåver.  Varamedlemene skal ha tilsendt sakspapir.

REKNESKAP

§ 6       Rekneskapet skal førast for kvart kalenderår og leggjast fram for årsmøtet til godkjenning i revidert stand.

JURIDISK PERSON

§ 7       Dersom laget tek opplån for å få gjennomført ei eller fleire saker, vil juridisk ansvarleg person vera leiaren eller den som styret utpeikar.  Leiar og kasserar har underskriftsrett i fylgje oppgåve til Brønnøysundregisteret.

ÅRSMØTE

§ 8       Årsmøte vert halde kvart år innan utgangen av februar.  Det skal kunngjerast i lokalavisa med 14 dagars varsel.  Årsmøtet skal handsama:

a)     Årsmelding

b)    Revidert rekneskap

c)     Val

d)    Kontingentfastsetjing

e)    Innkomne forslag

f)      I tillegg kan årsmøtet handsama handlingsplan og budsjett for komande arbeidsår

g)     Større vedlikehaldsprosjekt, over kr 50.000,- skal planleggjast, kostnadsreknast og godkjennast av årsmøte før oppstart

h)    Sal evt. kjøp av hus/eigedomar skal godkjennast av årsmøtet, eller ved at årsmøtet gir fullmakt til styret til å sluttføra tingingar om sal evt. kjøp

Alle som møter personleg og har betalt kontingent for siste år, kan røysta. Saker som det er ønskjeleg å handsama på årsmøtet, må vera innkomne til styret seinast 8 dagar på førehand.

EKSTRAORDINÆRT ÅRSMØTE

§9        Ekstraordinært årsmøte kan kallast inn når styret vedtek det eller når 10 røysteføre medlemer krev det.  For innkalling og varsel gjeld same reglar som for årsmøtet.  Ekstraordinære årsmøte kan berre handsama den eller dei sakene som er annonserte i innkallinga.

ÆRESMEDLEMSKAP

§ 10     Årsmøtet vel æresmedlemer etter forslag frå styret

LOVENDRING

§ 11     Lovendringar kan gjerast på årsmøtet med 2/3 fleirtal 

OPPLØYSING AV LAGET

§ 12     Oppløysing av laget kan skje når 2 på einannan følgjande årsmøte vedtek det med 2/3 fleirtal.  Laget sitt arkiv, aktiva og middel går over til Luster kommune.