Trengende i Næss og Høyheim
Makulert bankbok Kontrabok med Luster Sparebank, innskytarens namn: Trengende i Næss og Høyheim viser at det den 31.oktober 1941 vart sett inn kr 2.796,77. Renteinntekter i 1942, ingen nye føringar før i 1951 då kontoen er godskriven med renter og vidare renteinntekter utover på 1960-talet. I september 1972 vert bankkontoen avslutta.
Inneståande beløp kr 4.331,28 vart delt med overføring til Nes ungdomslag med kr 3.331,28 og gåve på kr 1.000,- til Nes krins ved Ragnhild Svangstu, gåva er merka: Til kjøp av stolar.
Skjema B1 Personlige innskyterer Anmeldelse viser innskuddseierens navn: Trengende i Næss og Høyheim, adr Høyheimsvik. Skjema er ei oppgåve over innskot m.v. pr 8. september 1945 i Luster Sparebank. Innskotet er oppførd med kr 2.662,21.
Ut frå foreningen sitt namn må ein tru at det vart ytt pengestøtte ved behov. Eit dokument frå Johan Høyheim, som truleg var foreningen sin leiar til Henrik Næss (truleg kasseraren) har teksten:
Herr Henrik Nes.
Hermed anvises til utbetaling av foreningen ”Trengende i Nes” kasse et pengebeløp stort kr 100,- Et hundrede kroner.
Pengene blir at utbetale til NNs enke modt kvitering.
Høyheim den 14.12.43 Johan Høyheim
Eg erkjender hermed at ha teke i modt kr 100,- Et hundrede kroner av foreningen ”Trengende i Nes” kasse . Vorfor herved kviteres.
Nes den / -43. Enkja si underskrift
Sidan bankboka ikkje har spor etter denne utbetalinga, har dei nok hatt ein kontantkasse i tillegg.
Me finn og ein rekning til foreningen frå Johan Høyheim, dat. 30.10.1944 der det er kjøpt ein krans kr 11 + frakt og porto kr 1,- Tilsaman kr 12,- som Johan Høyheim har kvittert for som mottakar. Kan henda kransen var til Ole P Næss som døydde 25.10.1944.
Andre protokollar har me ikkje funne.
Johan Høyheim (1883 – 1970) budde i Vikjane, Vikheim br. 29 under Høyheim
Henrik O Næss budde (1883 – 1963) budde i Løfti, Nesvoll bnr 24 under Nes.
Tekst: RAL 2021