Soga om eit Fargeri i indre Sogn
Det er ikkje uvanleg i dag å møta folk som aldri har høyrt om Fargeri i bygdi. Men det var der og det er ikkje rett at det skal verta heilt gløymt. Desse fargeria var noko som tida hadde bruk for. Utviklinga frå naturhushald til pengehushald brigda på so mykje. Arbeidet som før vart gjort heime var det no handverkarar og småindustri som tok seg av. Amerika hadde tappa bygdene for mykje av arbeidskrafta. Kravet til kleda steig. Det var fåe som ville gå med ufarga eller grått vadmål. Fargeri er ikkje heilt rett, for det var ikkje berre farge tyet dei gjorde. Stamping var like mykje kjend og «Stamper»var det mange av. No er det rådlaust å få greida på dei. Ofte var det eit lite attåt-arbeid. Det eg no skal fortelja om var i drift i omlag 100 år, frå 1840 til 1940, for å bruka runde tal.
Det stod på Myrane under Hærum i Luster. Det reint tekniske arbeidet skal eg lata vera, det får ein fagmann ta seg av. Saueull er stort sett antan kvit eller svart. Blandar ein vert det grått. Garn kan fargast, det er ein gamal kunst, men å farga ein heil stuv med vadmål er verre. Her er det fargeriet kjem inn. Fyrst skal tyet gjerast reint. So skal det stampast. Då vert det tettare og kryp ikkje so mykje ved seinare vask. Denne vaskinga og stampinga er tungt arbeid. Det låg då nær å ta i bruk vasskrafta. Ei renne fører vatnet fram til eit vasshjul eller ein «kall». Vi har då namnet kvernkall. Krafti vart overførd til eit slag løfte-maskin. Denne løfter planken som stampar tyet. Ein måtte ha god tilgang på vatn. Ved fargeriet på Myrane tok dei å samla vatnet frå Vaselja og Ulvadalsgrovi ved Kvisli. Frå fyrst av var det truleg ei renne ned til fargeriet. Seinare vart det lagt ned røyr og vatnet dreiv ein turbin. Fallet var ikkje so stort men det var nok.
Myrane låg fint til, tett ved veg og sjø. Stovehuset var på to høgder og låg 40 m frå vegen. Der var frukthage og oppetter stova vaks det villvin. I nordenden av stova var det tilbygt eit lite uthus. Dei hadde både ku og sau. Fargarbygget var ovanfor stova og låg heilt i merke med Fuhr, og var på omlag 150 kvm. Nede ved vegen var det ei tid handelsmann. I kyrkjeboka for 1869 finn ein dødsfall for handelsmann Nils Severamann Torp Garmann 30 år. Tomta til Myrane var bygsel under Hærum. Den fyrste fargaren me finn namnet på var Jakob Tomass. (1795-1842). Han var gift med Siri Larsd. Lauvhjell. Siri vart attgift med Peder Olss. Steen. Han var frå Kristiansund og hadde gått i fargarlære hjå den kjende Hans Kristoffers. Joranger som dreiv både sag, kvern, fargeri og stampe i Feiga. Steen flytte til Hillestad på Hafslo i 1854 og hadde både fargeri og stampe der. Ætta er på Hafslo enno. Neste fargar på Myrane var Lars Jacobson. Han vart gift med Johanna Eriksd. Hærum. I 1877 reiser han og kona og 4 jenter til Amerika.
No kjem Martinius A. Madsen til Myrane. Han var syskinbarn til Lars Jakobson. Madsen hadde vore i fargarlære i Haugesund, fødd i 1851 og gift med Anna Tollefsd. Yttri (185-1925). M.A. Madsen var ein flink fargar. Han fylgde godt med og moderniserte etter kvart han fekk råd. Det var han som fekk vatnet lagt i røyr og kjøpte turbin. Anna var uvanleg flink til å veva. Dei kjøpte ein halvautomatisk vevstol og Anna laga mykje for salg.
I 1893 kjøpte dei ein del av Hengesteg. Det fekk namnet Myrheim. Dette dyrka dei godt opp. Dei store steinvórene ned ved sjøen fortel si soge. Hus sette dei og opp og i ca 1908 flytte dei inn i den nye heimen. Det gamle stovehuset vart leigd bort, og mange var det som budde der i kortare eller lenger tid. Madsen var ein staut kar å sjå på. Vi borna i grannelaget hadde alltid stor respekt for han. Han var mykje med i kristeleg arbeid i grendi. Nokon stor talar var han ikkje, men han hadde ei fin sangstemme. Det var ikkje stor timebetaling i den tida, men ved arbeid og sparsemd vart dei velståande folk. Det er att protokollar som er godt førde. Det viser at Madsen fekk tilsendt arbeid frå både indre og midtre Sogn, Han hadde familie i Sunnfjord og det kom mykje arbeid derifrå. I dei fleste bygder hadde han «kommisjonærar», of etter bøkene å døma fekk han inn pengane ogso. Det finnst att «hovudet» (toppen på brevet), til dei nota han sende:
Farver M.A. Madsen. Myrene Lyster i Sogn.
Alle slags tøier modtages til stampning. Farving i alle kulører.
Trykning. Presning. Ruing. Klædesberedning.
Efter 3mndr. henstand beregnes 5% renter.
Ei tid dreiv Madsen ei stampe i Frudammen. Det var vatnet i oppkoma der som vart nytta. Døsen kjøpte att grunnen då stampa vart nedlagt. Det stod også kvernhus i ved den oppkoma. Frudammen er kanskje eit framant namn for mange. No vert det kalla «Kaien»= «sanatorie-kaien». Utan å jamføra prisar før og no, so kan det vera interessant å ta fram nokre postar frå rekneskapet:
1874 1 vev farvet ægte blaa 20 alen 4 daler 2 ort
2 stykker tøi presset 4 skilling
1 kjoletøy stampet 12 skilliing
1 vev Engjegna farvet brun og trykket 2 1/2 alen 1 ort 6 skilling
1 vev rutet presset 43 alen 1 ort 9 skilling
1880 1 vev stampet 42 1/2 alen kroner 9,97
1 Kvitlevev stampet 25 alen kroner 1,-
1891 1 vev stampet og kledesberedt 24 alen kroner 4,90
Madsen vart ein gamal mann, han døydde i 1946 95 år gamal. Mest til det siste gjekk han sin daglege tur inn på Myrane. Og han levde etter regelen tidleg opp og tidleg i seng. Eitt av siste åri vart han beden på kaffi kl 5(17). Nei, takk svara han, - hadde det vore 5 om morgonen skulle eg ha kome. Drifta av fargeri og stampe vart mindre etterkvart, men heilt slutt vart det ikkje medan han levde. No er husi borte og grunnen gått attende til Hærum. Snart vil ingen vita om fargeriet på Myrane og kvar det stod.
Mrk.: Truleg er dette skrive av Olav H. Lavoll (1905-1982)(«Bibbi-Ola»). Bjørg Hovland fekk teksten av Dagfinn Indrehus.
Kommentarar til artikkelen om FARGAREN av B. Hovland.
-Artikkelen kan vera skriven av Olav H. Lavoll, fordi det står om “vi ungane i grannelaget2...” Olav var interessert, han noterte på foto og skreiv ned minne. Eg fekk artikkelen av Atle Indrehus. Sjå elles det som er skrive om Martinius Madsen i artikkelen om familien i Hestaskårane i Lokalhistorisk årbok for Luster - nr 7. Anna i Hestaskårane var dotter hans.
Kan Fargeriet og stampa på Myrane vera den fyrste, eller ei av dei fyrste, bedriftene i Luster? Det var haugianarar og driftige folk som dreiv her. Sjå-Luster-Gards og ættesoge, b.2 s. 744.
Maleriet – Parti ved Lysterfjord i Norge- av den dansk-tyske Johann Georg Paul Mohr, syner bedrifta i 1836. Då budde landskapsmålaren på Flahamar nokre dagar før han reiste vidare til Kroken. Me ser bygda innover mot kyrkja og Berge/Børestein. Nærast er bedrifta til Jakob på Myrane. Det store vasshjulet som er nemnt i artikkelen, og som me ser i biletet, fann gutungar restane av då dei leika der. Det hugsa og fortalde Kristian Dalehaug, (f.1933), som var med.
I eit notat (frå Pridlao 2001) finn me denne teksten: -I Lysters skibrede drives også en Strikkemaskine som bestyres af eieren Jacob Herrum hvorpaa aarlig forferdiges eendel Huer og Nattrøier-...hvis aarlige antal bemeldte Eier dog ikke har kunnet opgive..... Så bedrifta hadde fleire oppgåver, dei strikka for salg.
Ordforklaring
Når det blir skrive Nattrøier- så var det ei vanleg nemning på den tid. Det betyr trøyer som er spøta/strikka. Både spøtatrøyer og (topp)huer, ofte raude, var handelsvare og finnst difor i mange distrikt og område.
- Det var vanleg å bruka alne-mål når dei vov tøy. 1 alen = 62,7cm
- «Eingjegna» = er lokalt uttrykk for toskaft (dvs ein tråd over og under, som når du stoppar sokkar.) Det var det vanlegaste å veva, i ubehandla eintråda ullgarn. Etterpå vart det farga og behandla etter kva det skulle brukast til.
- Når det står -trykket,- så betyr det at det er trykt med mønsterblokk utskore i tre, og tøyet får mønster i kontrastfarge.
Stampet vev betyr at tøyet som kom frå veven vart stampa i vatn så det vart så tjukt og tett som ein ville ha det, alt etter kva det skulle brukast til. Stampet og kledesberedt, vil sei at det vart behandla endå litt meir, pressa og oveskore, for å få det likt importerte, lettare ullstoff. Kvitlevev – Kvitel eller Kveted´l er dialektord for ullteppe. I dag brukast helst pledd om det same.
Foto
Foto 1: J.G.P.Mohr: Parti ved Lysterfjord i Norge.
Foto 2: Hærum(Hæri) og Lavoll(Lavodlad´n) sett frå fjorden tidleg 1900-talet. Frå venstre i biletet ser me husa på Lavoll. Midt i biletet Ytterland, nedanfor er Marta-stova, med Løslette (Løvolden)litt lenger inne. Øvst er Hæri og nede i høgre kant, husa til Fargaren. Fotograf er S. Brathole.
Foto 3: På biletet ungdomshuset Markstein, bygd i 1926. Innover ser me husa til Fargaren. Markstein er pynta med lauv kring døra i høve bryllaupet til Gunnhild Heggelund og Kristian Høyheim i 1937. Familien leigde hjå Fargaren medan dei bygde sitt eige hus. Frå v: Kirstina Eide g.Wågønæs, Wendla Wågønæs og Olav Lavoll i midten, andre dagen i bryllaupet. Eigar av foto: Kari Lavoll.
Foto 4. Den unge Martinius Madsen og kona Anna T Yttri.