Framhalskulen gjekk på omgang mellom krinsane, det kunne ofte gå opp til 4 år for kvar gong framhaldskulen vart halden i dei ulike krinsane og elevalderen varierte såleis frå 15-16 år til 19 - 20 år. (K. Øvregard: Skulesoge for Luster kommune) . I 1916 vart framhalskulen halden i Skjolden krins. Nokre stilebøker vart i seinare tid selde på auksjon på Sørheim og Luster sogelag har no fått desse i gåve. Her finn me fine tekstar som fortel frå tida rundt 1910 - 1920.
Frå Stilebok for Steinar Eide, Framhaldskulen 1916.
Eit gildt minne.
Det var fyrste gongen eg var paa joletrefest. Eg skulde fenge vore med aaret fyrr, men klærne mine vart ikkje ferdige, og med gamle klede var det uraad å reisa. Korleis skal det gaa i aar ? Det spursmaalet hadde eg gjort meg sjølv heile sumaren. Utpaa hausten hadde me skreddar, so vart den sorgi sløkt. Verre saag det ut til aa verta med sko. Skomakar Andreas lova og laug vika etter vika heile hausten. Endeleg, aatte dagar fyrr jol, kom han. Men so vart det støvande sko og, det var endå heljarn under dei, nett som dei vaksne karane hadde. Jolaftan kom far med ei pakka og flidde meg. Eg opna henne, aa – for ei gaava du ! Ei Nansen-huva, og det av finaste slaget. Jau, no vart det ikkje faarleg aa komma paa festen!
Trettande dag skulle festen vera. Endeleg kom kvelden og me for av garde. Daa me let upp døri til festsalen, vart eg reint klumsa av det eg saag. Eg hadde tenkt det var vent, men slikt som dette hadde eg ikkje tenkt det likevel. Det var ei mengd med ljos, og gull og sylvsnorer hekk rundt treet. Daa læraren saag meg, kom han burt og spurde etter um eg hadde vore paa juletrefest fyrr. Nei, eg hadde ikkje det. Han leidde meg fram so eg kunde faa sjaa det betre. Her var mykje gildt aa sjaa: Hestar, kyr og alle slag figurar; eple og appelsinar og ei mengd med pakkor, store og smaa. Me skulde faa kvar si slik pakka, sa læraren. Men uppi toppen av treet var det likaste lell, ei stjerna so blank og fin at du aldri skulde sett maken; eg kunde mest ikkje faa augo av henne. Læraren vart var det, og sa, at denne stjerna skulde tyda Betlehems-stjerna. Daa eg hadde sett paa dette ei stund, gjekk eg bort og sette meg att. Læraren fortalde korleis dei heldt den fyrste jolekvelden, um han som vart fødd i ein stall og lagd i ei krubba. Sidan gjekk me rundt joletreet og song. Aldri høyrer ein song som kjem meir fraa hjarta enn barnesong på ein joletrefest. Daa me hadde sunge ei stund, kom ein og sa at me skulde upp i skulestova og faa sjokolade. Etterpaa vart pakkorne utdelte. Me vart uppropte, og maatte burt og ta eit nummer. Pakkorne var og nummer paa og kvar og ein fekk den pakka som nummeret sitt lydde paa. No vart et fagnad utan ende; alle skulde syna fram det dei hadde fenge, og fortelja kor mykje betre det var, enn det dei andre hadde. Eg var ein av dei siste som fekk pakka mi, men so var det so mykje betre det som i var, tenk det var ei klokka. Naar ein snudde paa ein skruve saag ein karar og kvinnor og ymse dyr for rundt. Ein kunne sjaa berre ein ting um gongen, det var liksom ei luka dei for framum; men aldri so snart var eitt burte før eit anna kom i staden. Andre fekk speglar, knivar, pennehus, pungar, lummedukar og slikt noko. Etter me hadde sett paa gaavorne ei stund, byrja me gaa rundt treet att. So vart treet hausta, alle fekk eitkvart, eg fekk ein hest og ei appelsina. Etter nokre ord av læraren, og ein song til slutt, gjekk me kvar til seg. Eg var reint ør daa me gjekk heim den kvelden, av alt det gilde eg hadde sett, og eg vert det mest endaa naar eg tenkjer paa det.
Eg har vore i minst ti joletrefestar og i tylvtevis av andre samkomer sidan, men aldri hev eg havt ei feststund so gild som daa. Ei gild hendig uppliver ein ikkje so ofte, men minne varer ofte livet ut.
Ein tur paa linebaaten.
Endeleg ringde linebaatsklokka, linorne vart løyste og baaten tok til aa rugga so smaatt. Daa høyrdest hujing oppe i vegen, straks etter kom tri mann springande, dei vilde vera med, dei og, saag det ut til. Baaten vart hala innaat att, dei kom umbord og baaten tok til aa gaa att. Eg saag på klokka, ho var mest seks, seks timar for sein, altso. Eg kom til Myrdal klokka aatte kvelden fyrr, baaten skulde gaa fraa Flaam klokka tolv, eg hadde soleis berre fire timar til aa gaa Flaamsdalen paa, og det er gonga hard nok for eg hadde ein tung handkoffert aa bera.
Eg gjekk inn på bondestova, vilde freista sova lite, mest alle ferdafolk laag og sov. Det som fyrst fall meg i augo var fire-fem kvinnor og ein heil hurv med ungar som hadde lagra seg i ein binge straks innom døri. Ein av ungane var vaken, han laag no og riksa etter papa og stova heime. Paa andre sida laag tvo unge gjentor. Den eine hadde vinstre armen i fatla. Den andre hadde eldraudt haar, mange ringar paa fingrane og um halsen ei lekkja med gule steinar i. På ein krok over køya hekk hovudbunaden hennar, enten det var hatt eller huva – ja, det kan n eg ikkje svara paa. Den saag mest ut som eit vannskapt skjorereir. Lenger framme i baaten laag tvo-tri gutar fullt paakledde. Ein av deim som kom umbord i Flaam sat og løyste upp skoreimane sine. Han helsa paa meg, eg kjende han no att, han hadde tent inni Skjolden eingong. Han kom fraa Odda, hadde arbeidt på karbid-fabrikken, men skulde no heimatt til slaatten. Fylgjesveinane hans kom og fraa Odda, dei skulde berre heim ein snartur. Paa andre sida av baaten laag ein mann i fyrtiaarsalderen. Han hadde blaae vadmaals klær, kvit vesterygg , blaae og graae sokkar. Eg høyrde det svalla i fremste skuten av baaten, der sat dei andre tvo som hadde kome umbord i Flaam. Dei hadde fenge upp koffertane og skulde sjaa paa sysakene sine, var det likt til.
Eg høyrde ein flaskekork small og klirr av glas som støytte saman. Daa eg hadde teke dette yversyn la eg meg i køya uppyver kan med kvite vesteryggen, hadde av sko og trøya, breidde regnekaapa yver meg og somna snart.
Eg vakna snart av ein underleg song, det var Odda-karane som hadde byrja morgonmessa, var det likt til. Alle vart vekte, det var heller ikkje stor von um aa faa sova so lenge desse fyrane heldt konsert. Han som laag i køyen under meg hadde alt fenge paa seg skorne. Han spurde etter kor eg aatte heime, og kor eg kom fraa. Sjølv fortalde han, uspurd, at han var fraa Jostedalen, og at han hadde vore i byen med nokre festykkje.
Songfuglane hadde uppdaga gjentone og heldt seg der burte. Ho med armen i fatla kom burt til oss, ho var fraa Jostedalen, ho og. Ho hadde vore budeia uti fjordane, so ho maatte slutta tenesta. Odda-karane var heilt upptekne med raudnakken, ein knytte skoreimane hennar, den andre gjekk etter vaskevatn. Ho fekk nok eit svært arbeid med aa ordna haaret sitt, karane song medan, kvar si stund. Den dei oftast song byrja slik: ”Du skal faa blonder paa buksa di, berre du vil høyra meg til”. Burte hjaa kvinnorna var det liv og rørsla, borni skulde klædast paa, pyntast og faa mat. Trisa kom inn sur og morgongretti, ein av songarane gjekk burt og fangslo henne og byrja aa syngja um blondene att. Men ho var ikkje opplagd til leik, ho gjekk ut og varsla styremannen. Han kom inn og bad deim vera rolege. Dei meinte dei trong hava litt moro for pengane, for dei hadde betalt sju kronor flaska for konjakken i Odda. Gjenta drakk og ein og annan supen med deim.
Eg hadde sett meg leid paa dette og gjekk upp paa dekket for aa sjaa paa naturi. Fjorden var trong og fjelli var høge og bratte. Til venstre var fjorden som gjekk til Gudvangen, gamle ferdslevegen mellom Sogn og Voss. Bakarst paa baaten var nokre turistar som saag paa fjelli og dønde um kor høge dei vel kunde vera. Lenger inne var fjelli laagare og meir skogkledde, fyrst lauvskog, seinare fura. Baaten seig inn til Frønningen, her var berre fureskog so langt auga kunde naa. Nokre kassor og sekkjer vart upphavde, nokre bordtylfter umbordkasta og baaten for vidare. Eg sat på øvste dekket og saag utyver. Soli hita godt, maskina slo sterke, taktfaste slag, alt anna var stilt. Eg var aat aa sov, men jamring og styr vekte meg att. Ut fraa bondestova kom ho med raude haaret, raga burt aat luka, der byrja ho bryta seg. Ho var no i full stas,”skjorareiret” var paa plass, eit halsskinn hadde ho som rokk mest til knei. Det kunne vera turvande no sommarsdagen ! Jostedølen kom burt til meg, peikte paa henne burti luka og sa: ”No fer han rette vegen konjakken til aatte kroner flaska, og.”
Paa Lærdal gjekk mest alle kvinnor og born upp, berre ei kona med tvo born og gjenta med armen i fatla, var med eit stykke til. Det var ikkje mykje folk paa bryggjorne, mest berre dei som arbeidde og folk som kom og reiste. Det leid mot middag, eg fekk meg ein kopp kaffi og lite mat. I Solvorn gjekk Odda-karane upp, det vart no rolegare og eg la meg aa sova. I Lyster kom han Eirik umbord, han hadde mykje nytt aa fortelja fraa heime, og mykje nytt aa spyrja meg etter. Me gjekk upp paa dekket for aa sjaa heim, mor stod ute og vinka daa baaten for framum. Eg hefte ikkje lenge paa bryggja den dagen. Eg hadde havt det gildt dei tre-fire maanane eg hadde vore ute, men aller gildast var det aa koma heim likevel.
Ein kyrkje-sundag.
Vart ho ferdig, tru ? Me skulde vera tidleg aat, so me ikkje kom for seint til kyrkja. No hadde eg venta eit korter, nei, dette gjekk ikkje. Eg svinta burt i døri, og sa fraa at no reiste eg, vilde ho vera med fekk ho koma. Jau, no leid det. Etter endaa ein gong og sett yver brillorna, salmeboki, lommekluten og at alt det andre ho trong, var med kom ho mor, og me køyrde av garde. Det var mange paa kyrkjeveg i dag, baade køyrande og gaa-ande. Ja, nokre skreidde endaa, for isen paa vatnet var spegelblankt, upp etter elvi gjekk det til og med an aa kreka seg fram. Det var vent aa køyra ein dag som denne. Skog og mark sov fredeleg under den kvite snjokappa si. Mest ved alle hus var det eit joleband og ein sporveflokk aa sjaa.
Daa me var framkomne batt eg hesten, breidde aakledet yver han og gav han høy. Me gjekk inn i kyrkja. Det var mykje folk innkomne og ein og annan slong det endaa ei stund frametter. Men nokon prest var det ikkje aa sjaa. Det varde og det rakk, folk tok til aa verta urolege, klokka var tolv, og presten var ikkje komen. Ein mann stod upp og sa at me fekk venta ein halv-time til, var ikkje presten komen daa, maatte eitkvart vera ivegen. Ein og annan gjekk heimatt, dei var leide vortne, som ventande var. Kyrkjetenaren, som hadde vore uppi taarnet paa utkik, kom og melde at presten kom nedi Hagane. Klokka halv eitt, ein time etter tida, byrja presten arbeidet sitt. Han preikte noko um misjon og avholdssak og slikt noko. At det var joledag kom han visst ikkje ihug, han tala no slett ikkje um det. Det vart kaldt inni kyrkja. Kyrkjetenaren brukte maal naar det galdt omnsfyring. Han kasta inni nokre kolskuffer den tid preika skulde ha byrja, dermed meinte han aa hava gjort si plikt, anten det var heitt eller kaldt kom ikkje han ved.
Endeleg var presten ferdig. Eg sette hesten fyre, og køyrde heimatt det snaraste eg vann. At eg hadde stor nytte av kyrkjeferdi den gongen, nei, det er knapt um eg trur. Eg hev ikkje radt vore i laakare stemning enn den dagen. Men det bestna snart. Daa eg kom inn i stova var jole-middagen paa bordet komen. Eg svalde ned dei beiske minni fraa kyrkjeferdi med fleske-ribba og anna godt.
Nokre dagar seinare fekk eg vita grunnen til at presten kom so seint. Ein mann fraa Luster hadde vore inni Skjolden og kaupt inn til jol. Millom anna hadde han eit pund fersk fisk. Paa heimvegen køyrde han burt det meste av fisken. Daa presten fekk sjaa all den gode fisken var han ikkje god til aa halda seg, han laut taka han upp, tykte han. Han hadde ikkje fenge seg jolefisk i aar, so me kan tenkja det vart gleda i prestegarden daa han kom heim med fiskehonki um kvelden.