Skeising på sjøisen
Etter Sigrud Fjøsne
Bakken var plass under bruk nr.1 på Ottum og ligg mellom Mordøla og Kjøtnes på andre sida av fjorden. «Kristen i Bakken»tok namnet med seg. Han gifte seg med Marit frå Sjåk, bygde hus i Steinabakken og fekk tre barn, to døttrer vaks opp, Ingrid og Anna Ottum. (Bygdeboka b.2 s.699) Eigar i dag er Trygve Martinussen. Han Kristen Ottum (1870-1959) «Kristen i Bakken») fortel:
-Det er kje is no slek som i gamle dagar-, sa han Kristen ein dag eg råka han. Ein gong låg det sterk is i heile Luster og Aardalsfjorden, so me skreidde heilt til Aardalstangen.
Kva tid det var... Lat meg no sjå...Eg var vel 20 år den gongen eller knapt det, og no er eg 86, so det var vel kring 1890.
Ein sundag var me nokre ungdomar som skreidde på isen innmed Fjøsna-landet. Han Per Fjøsne var på snikkararbeid i Aardal då og han hadde skeisa heimatte laurdagskvelden. Medan me for der og sveiv, kom han og vilde attende til Aardal. Nokre av oss vart samde om at me vilde slå lag utetter fjorden eit stykke. Eg minnest at tvo av gutane frå Floahaugen var med, og det var karar som kunde staa på skeiser.
Ja, - ogso meistarskeisaren han Sjur Hauge,-Sjur i Mordøla, som me kalla han etter han flytte dit.
Han skreidde gjerne attleingjes framføre flokken, han svinga seg rundt som ein snurrebass og gjorde hopp og sprett og mange kunststykke. Di lenger me kom utetter fjorden, di fleire samla det seg om han og vilde sjå på leiken til denne linkne og spretne karen.
Då me kom ut til «Oddnes»-(Ornes) var det fleire som snudde innatt, men nokre av oss vart med ut til Ombandsneset. Og når me fyrst var komne dit, vart me samde om å gjera ein sving inn i Aardal.
Daa me kom inn til Aardalstangen leid det mot kveld, men me batt av oss skeisene, gjekk opp på land og slo av ein prat med folket der.
Det var no eit særhende dette at ein kunde skeisa frå Luster til Aardal, so me vilde ha landjordi under føtene før me tok på heimveg.
Daa me kom inn til Odnes var det ikkje fritt for at det tok til å snøa so smaatt. Det var mykje folk på isen og desse andre som var med, fór å leikte seg og skreidde i krok og i kross, men eg tenkte det var best å koma seg heim før snøen hefte for mykje, so eg tok i veg.
Då eg var komen opp i stova og hadde kvilt ei stund, høyrde eg dei andre kom og, det var slik laatt og liv med dei.
Så langt «Kristen i Bakken.»
Det er lett å tru at det er «feigeskeiser» desse karane brukte. Skeisene som «feigesmeden» laga hadde godt rykte og vart brukt av mange til langt fram på 50-talet, i alle fall.
Sjur E. Berge(1850-1931)var frå Lavik og hadde fleire gonger vore på smed-oppdrag i indre Sogn. I 1898 flytte han med kona Guri og seks born til Feiga(Feigesagi). Då var eldste guten faren til Amerika.
Sonen Ivar Berge dreiv mølla og sagi i Feiga, og Georg Berge(1882-1948) hugsar me som eigar og drivar av Svabui i Luster. (Sjå bygdeboka b.3 s. 455-6)
Tekst: B.H. 2021