SEGNER FRÅ LUSTER
Nedskrive og fortalt av Sigurd Fjøsne.
Frå Kvåle til Skjolden gjekk dei gamle vegane i urd og fjell, gjennom Ørnskaret og Hunduri. Der er stupbratte skredefár og ulende, og ymse segner knyter seg til desse stadene.
Inni Jotunheimen budde jutulane med gygrene sine, og det var so rimeleg at dei av og til ville sjå ned i bygdi. I ein barnesull heiter det:
Ho gygri ho sete pao Luklaberg og kadla pao sine smao bodn
Ho Injeri, ho Malena, -ho Magnelda, ho Ragnelda
Ivar min, Stivar min, Einar min, Steinar min-
Tore-lokken og han Tore.
Eit par segner
Gygra-sessen
Ned med sjøen, rett innaføre Fiskasete er ein stad so heiter Gygra-sessen. Her er ei djupe hola i fjellet, på skap som når ein har sete i snøen, det syner etter heile baken.
Oppe på stølen Hovden,(over Sandshovden), rett over fjorden,-syner faret etter ein forleiggjande store fot på Hovda-sva.
Segni seier at gygri var sint og trødde tungt med same ho skulle stiga over fjorden. I farten steig ho feil og datt, og kom so vrangt til at ho sette bakenden rett ned på fjellet og laga Gygra-sessen.
Noko småjente har det ikkje vore for setet er so stort at ungomen samlast der av og til og har kaffilag og gaman.
Uksa-drógi
Litt lenger inne er Uksadrógi. Segni seier at Jutulen stal ein ukse oppå Ottane og drog han te sjøs etter rompa.
Fáret etter ryggen og sidene syner vél, og etter det å døma, har det vore ein vaksen ein...
Jutisholet og Gullringen
Segni seier at jutulen på sørsida av fjorden hadde kjæresten sin på nordsida. Ein kveld var han på friarferd og skulde stiga over fjorden. Men han var ikkje langt nok kloven,- so han trødde i sjøen og stupte til.Han støytte då eit hol i fjellet -Jutis-holet.
Lenger inne sette han handi so langt inni berget at gullringen hass vart sitjande att.
Ein gamal mann fortalde meg at det skulle vera ein sers kostbar ring, -men han var innsett med trolldom så manna-auga ikkje kunne sjå han. Men dersom ein kunde koma der med ei svart geit og leidde ho forbi tre gonger, so hadde trolldomen misst makti si og ringen hadde vorte synleg.
- Men dar ekje komande for korkje folk elde fe-, la han til...