Rasmus i Li, eller Kilasmeden

Tekst av Stein Bugge Næss

Teksten er tidlegare publisert i Bjødnaposten 2005.

Tekst og bilete er sendt til Sogelaget av Torodd Joranger.

I Lustrabygdi er det framleis mange som hugsar godt han Rasmus i Li, eller Kilasmeden, som han og vart kalla. Men for den yngre garde er han kanskje ukjend, og det ville vera for gale om ein så spesiell mann skulle bli heilt gløymd. Ein kort artikkel kan ikkje fortelja alt, men kanskje gje meirsmak til dei som vil finna ut meir om han Rasmus.

Barndom i ei anna tid, og med sterke opplevingar

Rasmus kom til verda 4. mars 1884, og vart etter kvart ein av dei ti borna til Klaus Vigdal, eller Klagus i Li, som vart kallenamnet hans. Klaus kom frå Lykkja i Myklemyr og gifte seg med Eli Rasmusdotter frå Vigdalen. Saman fekk dei seks born frå 1879 til 1888. Etter det me skjønar, vart Eli sjuk på sinnet og budde på sjukehus i Bergen frå 1890, og hos privatfolk i Brekke til ho døydde i 1905, berre 43 år gamal. Klaus fekk skilsmisse ved dom og gifte seg att i 1906 med Anna Larsdotter, også ho frå Vigdalen. Med henne fekk han fire born frå 1909 til 1917. Ein av desse – han Ragnar i Li eller Ragnar Vigdal - har me alle kunnskap om, enten fordi me fekk bli kjende med han medan han levde, eller på grunn av songtradisjonen og songane som lever att etter han.

Vesle Rasmus hadde som me skjønar ein oppvekst med mange søsken, men utan mora si frå han var om lag seks år. Familien busette seg i Leirdalen rundt den tida Rasmus vart fødd. Der overtok faren garden til svigerfar sin. Men alt i 1893 flytte Klaus med dei seks ungane sine til Li i Vigdalen, der han fekk skøyte på bruket, og der han levde heilt til han gjekk bort sommaren i 1940.

Truleg hadde Rasmus sitt første skuleår i Leirdalen, i ei av stovene der. I Vigdalen hadde dei på den tida omgangsskule, der læraren var felles med Leirdal/Alsmo krins. Det var to veker skule og to veker fri for elevane, med til saman ni undervisningsveker kvart skuleår. Dei vekene læraren var i Vigdalen, gjekk elevane på skule alle seks kvardagane i veka. Rasmus var nok mellom dei gløggaste elevane. Om Rasmus var spesielt sprek, veit me ikkje, men han likte å fortelja om skitevlingar, då dei tok seg heilt fram på Øystølsreset for å setja utfor med dei heimelaga skia sine. Det var om å gjera å vera førstemann attende i Vigdalen.

Ungdom og læretid

Som konfirmert og vaksen måtte Rasmus til liks med dei fleste jamaldringane ut og tena til livsopphaldet. Saman med Tøger i Botn (han vart kalla så fordi han seinare gifte seg til plassen Botn i Kilen) var han nokre år dreng i Leirdalen. Når desse to karane kom saman i seinare år, kom praten ofte inn på tida i Leirdalen. For oss i vår tid er det interessant å høyra at han og Tøger som drenger hadde sengeplassen sin i fjøsen på enden av båsrekkja, med kyr og ungfe som sovekameratar. Budeiene låg på loftet i sauefjøsen! Sameleis tykkjer me vel det er rart at Rasmus var med og åt kjøtet på ein av dei siste bjørnane dei skaut i Leirdalen. ”Det var nett som grisakjøt”, sa han.

Me veit ikkje akkurat når Rasmus kom i smedlære, men truleg var han i tjueårsalderen. På Leikanger budde det ein veldig flink smed som heitte Svein Haugen, opphavleg frå Ål i Hallingdalen. Det heitte seg at knivane hans var så skarpe at dei var gode til å ta skjegget med! Rasmus vart aldri nokon finsmed, men ein kløppar til å smi jordbruksreiskapar.

Alt frå unge år kan det tykkjast som om han fekk ei last som han drogst med lenge i livet. Han vart det ein seier litt for glad i det sterke. Læremeisteren, Svein Haugen, var ein gamal lesar, som i tillegg til arbeidet sitt rodde til både Vik, Vangsnes, Feios og Fresvik for å halda oppbyggelege møte. Han prøvde nok så godt han kunne å få Rasmus inn på eit betre spor i livet. Det same gjorde heilt sikkert faren, for Klaus i Li var og ein åndeleg mann, flink sangar og talar som reiste mykje for å fremja Guds sak her på jorda. I lange tider gjekk det gjetord om han og Hans Bugge Næss frå Nes, som for som emissærar både i Valdres, Gudbrandsdalen og heilt opp til Romsdal. Begge var vidgjetne for dei gode sangstemmene sine. Det gjekk elles vekkjingar over bygdene i Sogn rett etter århundreskiftet, og spesielt ein misjonær, Filipinar-Lund sette merke etter seg, sikkert og i sinnet til Rasmus.

Livet i Dalsdalen – i medgang og motgang.

At Rasmus kom til Luster og etter kvart slo seg ned i Dalsdalen, var gjerne ikkje så rart, når me veit at to av søstrene hans gifte seg med to brør frå Kilen og busette seg der. Me veit ikkje nøyaktig kva Rasmus dreiv med alle år, men truleg var han ei tid dreng i Lauvhjellene over Døsen, for han fortalde om at han var med og frakta opp material frå sjøen på taubane til det nye stovehuset der. Elles var det ei blomstrande anleggstid med vegbygging langs alle fjordar i tida rundt første verdskrigen og utover, og me veit at Rasmus var med som smed for å kvessa bor og hakker til vegarbeidarane. Truleg var det tidleg på tjuetalet at Rasmus sette seg opp ei smie i Kilen, og dreiv med produksjon av viktige reiskapar som bonden måtte ha: ljå, sigd, snedl og grev. Ikkje minst kjend vart han for dei gode, firtakka broddane han laga. Dei går den dag i dag under namnet Rasmusbroddar.

I vinterhalvåret smidde han opp eit stort lager med sommarreiskapar, og så reiste han rundt i dei næraste bygdene og til kvar gard for å selja før onnene tok til. Ettersom han var for glad i det sterke, var det ikkje alltid han hadde med seg så mykje pengar attende til Kilen etter ein slik turne. Hangen til alkohol gjorde at det vart både bryggja og brent framme i Dalsdalen. Ei tid var det så gale at butikkane i bygdi nekta å selja gjær til han Rasmus. I Skjolden var han ikkje svartelista, og då han spurde gamle Kristoffersen om å få kjøpa gjær for 50 øre, var svaret ja. Då kom naturleg nok spørsmålet om han kunne få kjøpa for 1 krone, og deretter for 5 kroner. Med ja som svar, kom denne kommentaren: ”Ja, her var det godt å handle, du!”

Smia brann

I ei smie er det naturleg nok mykje open eld, og slett ikkje trygt for brann.. Rasmus vart rådd til å forsikra smia si, og ein dag var han nede i bygdi og gjorde det han var tilrådd hos Georg Berge, som representerte Luster Branntrygdelag. Forsikringssummen var 350 kroner. Vel heimkomen, starta han opp att arbeidet sitt i smia, men gjekk bort i eit anna hus for å få seg litt mat. Der fekk han beskjed om at smia sto i full fyr. Sjølv om ingen trudde at det var anna enn eit slumpetreff, såg Rasmus at her kunne to og to leggjast saman, og det var lenge før dei klarte å overtala han til å ta imot erstatning.

Anton Sage var ofte med i smia framme i Kilen som oppslagar, d.v.s. at han gjorde klar emna som seinare skulle bli til ljåar. Han hadde 25 øre for kvart emne, og så vidt me veit tok Rasmus då 3 kroner for den ferdigsmidde ljåen. Det er ikkje tvil om at smeden var flink, men han hadde ein ide om at det måtte drikkast brennevin under arbeidet, for då fekk han betre innsikt i smieprosessen. Dessverre gav vel dette seg utslag i at kvaliteten på produkta vart noko ujamn!

Smia i Kilen vart oppattsett, men i 1934 flytte smeden heimover dalen til Sage. Me kan tykkja det er underleg, men Rasmus klarte ikkje å slå seg til og sova på denne plassen. Han snakka ofte om ånder som plaga han, og den vonde som var etter han. Såleis gjekk han gjerne til høgdegarden Kolstad for å sova. Det var ikkje så mange åra at smia vart ståande på Sage. Av simpel material, delvis hunaved frå Kolstad, sette han seg opp eit kombinert hus og smie på leigd jord på Tadlagjerdet, på andre sida av elva. Rasmus var ingen snikkar sjølv, så han leigde sambygdingen Knut-Anders til jobben, og det seiest at han bygde huset for 30 kroner, og då leverte han med to glas og ei dør! Det var eit svært enkelt bygg Rasmus budde i - i over 30 år, heilt til 1973, det same året som han døydde. Her hadde han eitt rom med seng og det viktigaste til matstyren i eine enden og smia i den andre enden av huset.

Som leige for grunnen der smia sto, var avtalen at Rasmus skulle betala ei årleg avgift på fem kroner til eigaren, Stina Hammarslott. Det fortel litt om Rasmus at då det kom ny eigar på eigedomen, og denne ikkje brydde seg om den avtalte femkronaren årleg, var han kvar jul på bui og kjøpte presang for fem kroner til vedkomande.

I åra før andre verdskrigen og eit par år under krigen var det stor anleggsaktivitet på Sage og i fjellet over, med kraftverks- og dambygging. Rasmus var med her og for å halda bora kvasse og anna utstyr i god stand. Drikking følgde med no og. Det fortelst om ein gong som like godt kunne ha enda med døden for Rasmus. Han for til bygdi vetlejulafta. Naboane på Sage følgde med og såg flaggermuslykta då han kom framover att dagen etter, på sjølve julafta, men det vart ikkje lys i stova. Då Anton Sage reiste på leit, fann han Rasmus nedsnødd og forkomen ute! Truleg var det på slutten av førtitalet at Kilasmeden sette korken i flaska for godt, og frå denne tida vart han og ein person med sterke religiøse interesser, ofte med meiningar i utakt med tankane i tida.

Likt og ulikt frå livet til ein spesiell mann

Ein av dei som hugsar Rasmus godt, og kjende han vel, er Tomas Nygård, som lenge var nabo med han og som framleis bur i Dalsdalen. Han meiner det skulle finnast nok stoff om Rasmus til å fylla ei heil bok.

Rasmus var ein liten og pen mann. Han hadde god matstyr i det vesle bustadrommet sitt, ofte saltakjøt eller saltafisk til middag. Då han ikkje hadde jord sjølv, måtte alt kjøpast, både kjøt, poteter og grønsaker. Handelsmann Hans Lerum tok tidleg til å køyra varer framover Dalsdalen kvar laurdagsettermiddag med den vesle lastebilen sin. Då var han alltid innom til Rasmus med det han hadde bestilt, og så fekk han med seg lapp på det han hadde bruk for neste laurdag. Han hadde straum i huset, men aldri telefon.

Ein stor last hadde Rasmus heile tida: Han røykte mykje, og det var ofte tjukt med røyk i stova. Samtidig var han ein reinsleg mann, og mange hugsar han enno for at han bada naken både sommar og vinter i elva som renn rett forbi huset. Når det var kaldt, måtte han først hogga hol i isen for å kunna dukka seg!

Rasmus var vel eigentleg litt forfengeleg, og svært glad i militærklede med blanke knappar.

Glad var han og i klokker, og Tomas – som er urmakar og arbeidde i Sogndal nokre år – fortel om den gongen Rasmus datt med sykkelen og braut hofta, truleg rundt 1960. I drosja til Sigurd Talle skulle han fraktast til Lærdal og på sjukehus, men då insisterte han på at dei først måtte køyra bortom Tomas i Sogndal, så han fekk ordna noko med klokka!

Rasmus var tidleg oppe og tidleg i seng

Han hadde sine faste arbeidsøkter og kvilestunder, så då naboen Knut på Grindi kom til litt feil tid med nokre borar som skulle kvessast, vart han avvist. Kommentaren hans til den første han trefte, var: ”Da va ikkje kontortid hjå smeden.”

Kilasmeden var ein barneven og ein fugleven. Han delte brødet sitt med fuglane, og dei var så tamme at dei berre reiste seg for han når han gjekk forbi. Når det galdt vaksne, hadde han det store lytet at han såg seg ut folk han ikkje likte og som han meinte ville han vondt, og han var slett ikkje enkel. Tomas trur at tida med tung alkoholbruk hadde gjort noko med personlegdomen hans. Sjølv kom han godt over eins med Rasmus, som etter kvart var vorten ein tilårskomen mann då Tomas flytte attende til Dalsdalen med familien sin i 1962.

Det er ikkje tvil om at Rasmus hadde arva mykje frå far sin, og han var svært musikalsk. Han var ikkje redd for å koma med kritikk, dersom han ikkje var nøgd med det andre framførde. Såleis sa han til presten Leithaug : ”Du er ikkje god til å messa. Det er nokre råtatonar du lagar. Kom fram til meg, så skal eg læra deg¨å messa!” Sameleis hadde han kritiske merknader til broren Ragnar sin songstil. Han tykte salmane hans gjekk for tregt.

Rasmus hadde søsken i Amerika, og han var flink å skriva brev, men heldt heilt til det siste på at det skulle skrivast på dansk eller riksmål, som han hadde lært i skulen. Han likte heller ikkje at det kom nye bibelomsetjingar, og spesielt ikkje dei som kom på nynorsk. Sjølv heldt han seg til huspostillen, Luther og den gamle bibelen frå sin eigen barndom. Han var kyrkjegjengar, og hadde meiningar både om det som skjedde i kyrkja og elles i samfunnslivet. Radio høyrde han mykje på etter at den nådde Dalsdalen, og han las mykje i bøker. Rasmus kunne seiast å vera sterkt truanade, og han bebreida seg sjølv mykje for livet han hadde levd.

Han var glad for at han hadde slutta med alkoholen: ”Hadde eg teke meg ein dram no, så hadde eg døydt,” sa han ofte.

Ein gong hadde Anders i Kilen, som var vorten pinsevenn, med seg den unge Arild Edvardsen til Luster, og dei måtte sjølvsagt sjå innom til Rasmus. Edvardsen hadde då akkurat gjeve ut ei bok, og han ville gjerne selja eit eksemplar for ti kroner til Rasmus. Då fekk han som svar: ”Du skriva bok! Da e du ikkje te. Du kan lata opp omnsdøri og hiva ho inni dar!”

Det var nok mange som fann smeden interessant, og doktor Devold, som var distriktslege i Luster i lang tid hadde på søndagane sin faste spasertur framover Dalsdalen, med besøk hos Rasmus som høgdepunktet på turen. Det var nok ikkje hjå han Rasmus lærde å bruka jod og raudsprit til å smørja seg med for alle giktplager!

Rasmus vart aldri gift, men han fortalde Tomas at han slett ikkje hadde vore framand for tanken i sin ungdom. Den eine han kunne tenkja seg, hadde far hennar frårådd han å gifta seg med. ”Ho er ikkje egna til å gifta seg”, meinte faren, ”og eg høyrde etter han”, sa Rasmus. Ei anna ville ikkje ha han. Rasmus fortalde at han reiste med ho heilt til Bergen når ho for, men nei vart det endelege svaret. Rasmus levde såleis som ungkar heile livet, og han var nøysam, men samtidig gavmild. Med hans levemåte vart det reine overfloda når alderstrygda kom, og dei siste leveåra delte han ut ein stor sum pengar til slektningar.

Arbeidet var svært viktig for Rasmus, og heilt til det siste tok han sine økter i smia. Etter at han sjølv slutta å reisa rundt for å selja produkta sine direkte til kundane , hadde han ein ståande avtale med Åbergebui og gamle Theodor Aaberge om at det han ikkje selde sjølv, kunne han koma til Sogndal med. Såleis var Tomas Nygård skysskar fleire gonger når Rasmus hadde sin årlege sogndalstur. Vanlegvis kjøpte han då med seg varer attende, så det vart rein bytehandel.

Tomas har gode minne frå fleire julafter då Rasmus var invitert til å feira saman med han og familien. Etter eit godt måltid, la Rasmus seg ned på sofaen for å kvila – med skoa på!

Haldis, kona til Tomas, strikka ein gong ein fin, raud genser til han i gåve. Då kom han att ei stund etter og ville gjerne at ho strikka og sette på genseren eit par gode lommar! Det gjorde ho.

Når han var mett og god i eit varmt hus, kunne Rasmus seia: ”Kongen har det ikkje så godt som eg!”

Døydde "mett av dage"

Rasmus var heldig med helsa, og fekk vera heime heilt til berre få veker før han døydde. På sjukestova i Luster somna han inn 89 år gamal. Tomas minnest med vemod og glede siste gongen han var innom til han på sjukestova. Han låg der så liten, velnøgd og ”mett av dage” i senga si.

Om du vil sjå ambolten eller skrustikka som Rasmus brukte, kan du spørja Tomas. Han er sjølv ein god smed, og kjøpte desse tinga som eit minne etter ein spesiell nabo. Han er elles og eigar av mange reiskapar som Rasmus har smidd. På bilete som følgjer denne artikkelen kan du sjå både ei hedlepikka (til å setja hol i skiferheller for å få dei festa til taket), ein snedl, eller lauvkniv, som vel er normalnamnet, eit potegrev, ein sigd og eit par heilstål Rasmusbroddar som er i Tomas si eige.

Rundt om i bygdene våre finst det heilt sikkert mykje att av det Kilasmeden laga i smiene sine i Dalsdalen. Er du så heldig å ha reiskapar som det står innslege stempelet RL eller RLi på, så ver snill og ta vel vare på dei. Det er ingen smed i Dalsdalen som lagar slike lenger.

Dikt om Smeden skrive av Hans Rune Fuhr.

Publisert i Sogn Avis våren 2005

SMEDEN

Han smidde sine snedlar

skarpe som skalpellar skjær

Slektskap med Satan

var titt omsnakka

samstundes spurdest forbruk

av nafta og Jod,

sjølvsagt også isbading

ved nyttårsleite.

Det var knappast ikkje greitt

å vera så ferrofrelst,

der berghamrane står

skulder ved skulder

steinharde-

og me krøkjest

innvortes,

ventande skrea.