Om å veksa opp på Harastølen
Mor, Ingrid Kristina Øygarden f. Stuppelshaug - MINNEOPPGÅVA FOR ELDRE -1970-80-talet
Tekst og foto: Bjørg Hovland.
Freistar å skriva ned det eg minnest frå barndomen min på Luster sanatorium. Den arta seg noko anleis enn for andre born i Lustrabygdi. Me hadde vårt eige eventyrrike der oppe i fjellsida, eit samfunn for seg sjølv som ligg og blinkar i minnet no når eg er gamal. Trur heller ikkje noko er teke vare på eller nedskrive av daglegdagse ting, som me ungar fekk oppleva i våre barneår.
Sanatoriet ligg inst i Sognefjorden, oppretta for tuberkulose av midlar frå St.Jørgens hospital i Bergen, Bergen kommune v.medisinaldirektør M. Holmboe og med pionæren overlege Claus Hansen i spissen. Det stod ferdig i 1902.
Men me går litt lenger attende i tid; Det levde ein husmann under Hæri som me kalla gamle Halvegen. Han «såg» meir enn andre. Ein dag han var på hesteleiting i området la han seg til å kvila ved ein stor stein på ei slette, og her fekk han eit underleg syn. Han såg ei svær, stor kvit kyrkje og mange folk som gjekk rundt på plassen, og han såg kvitkledde folk som gjekk ut og inn.
Seinare, -var han på kaien på Døsen når dampen kom. Den nye soknepresten, Anders Halvorsen, steig iland. Då sa Halvegen - « dar kjem han so ska preika i kyrkja på Harastølen».
Det vart inga kyrkje men det største og eit av dei fyrste tuberkulose-sanatorium i landet.
Områdeskildring
Taubana vart fyrst bygd for transport av murestein, og so vegen. Den ville dei byggja frå Dalsdalsvegen, over Bringe og Lauvhjelledalen, gjennom Fåramarki og opp til Harastølen. Men der var mange grunneigarar og ingen ville ha vegen på seg.
Då var det at bonden Sjur O. Fuhr sa: Bygg vegen på meg, og då skal den liggja berre på meg-. Slik vart det. Køyrevegen frå fjorden og opp har 13 svingar. Det var tre grindar på vegen.
Hovudhuset er oppført i raud murstein, har tre fulle høgder + kjellar og loft. Kurhallane i front.
Kvinnefløyen vender mot aust og mannsfløyen mot vest, kjøken og administrasjon i midten. Rundt omkring låg 5 brakker som i byggjetida var arbeidar boligar. Fleire arbeidarar måtte leiga seg rom nede i bygdi.
Vidare er der eit stort stabbur og is-huset attåt det.
Ved taubanestasjonen låg kokshus og likhus. Ovanom det låg uthuset med høyløe, vognhus og stall for 4 hestar, med grisehus under(5 store bingar). Det var drengerom over med 3-4 senger. Men dei let ille over griselufta.
So var det eit langt hus som inneheldt smia, gjestestall for 2 hestar, stort vedlager med elsktrisk sag og reiskapshus for snøplogar og anna.
Til sanatoriet høyrde også to fine krokettplassar med spel. Ein midt på tunet for damene med benker, omkransa av plen og prydbusker. Den andre for menn mot vest attåt dei to lange kurhallane.
Dertil var det so mange fine spaservegar rundt omkring i skogen, som var laga av pasientar. Under den fyrste direktøren, Emil Grundt, var behandlingsmetoden den at dei skulle vera ute i barskog-lufti og styrkja kroppen si motstandskraft med litt arbeid. Difor hogg dei ved, og soleis vart vegane bygde.
Den kortaste og mest brukte var vegen til Utsikten. Når den var ny vart den kalla «dr. Smiths veg», etter legen som var der på den tid, dr. Smith Eriksen.(Mot aust.)Eit lite bergplatå med rekkverk og vid utsikt til heile bygdi og innover Jotunheimen.
Frå denne gjekk ein runding vidare til Solheimsletta der ein kvar jonsokafta brende bål og leika. Om været var godt, kokte ein kaffi på ein diger kjel i grua, bar rundt vafler og kaker til pasientane som sat i skråningen rundt. Her var plassert kvilesteinar til å sitja på.
Den lengste vegen gjekk forbi stølane på Jøng(mot vest), og rundt Hærishovden. Her var og plassert kvilesteinar, og ein hadde utsikt både utover og innover fjorden og såg sanatoriet som eit eventyrslott borti skogen.
Ein annan veg gjekk til ein utvida plass som vart kalla «Verden ende», også ein ynda kaffitur-stad under Grønskre-fjellet.
Den siste vegen som vart laga gjekk i ein runding ovanfor sanatoriet og vart kalla Fjellvegen. Her vart det seinare laga ei fin tennisbane for funksjonærane som vart flittig brukt i fritida.
No er dei fleste vegane attgrodde og ikkje til å finna. Men mang ein pasient sat på dei ymse stader og beundra utsikten over fjord og fjell. Minnest at eg fleire gonger høyrde denne setningen: «Ja, finnes det et paradis på jorden så må det være her....»