Ole+P+N%C3%A6ss.jpg

Næss og Høyheims Arbeiderforening

Ole P. Næss var fyrste kasseraren i Næss og Høyheims Arbeiderforening

Medlemsbok, kassabok med div. Kvitteringarog Kontrabok med Luster sparebank er dei kjeldene me har funne.

Fyrste året me finn i kassaboka er 1908. Det er då ført opp 17 medlemer som alle har betalt kr 1,- i kontingent. Dei har halde basar og fått inn kr 56,30, kaffeutsalg netto kr 3,90 og Uld kr 7,-. Innsatt i Lysters Sparebank kr 84,-

Fyrste året er det Ole P. Næss som er kasserar, deretter finn med Johan Høium, Henrik O Næss, Johan J Næss, Guri Offerdal, Andreas Talle m.fl. som kasserarar.

Kassaboka er førd for to periodar, 1908 – 1939 og 1964 – 1972.

Det er fleire som har fått lån frå kassa, i 1934 er det ført opp tre stk som har fått lån, kr 25, kr 50,- og kr 100,-.. Elles er det skrive ”Utlagt til” pluss namnet på vedkommande. Kan det vera at desse personane har utført arbeid som Arbeiderforeningen har betalt ?

Utgifter elles er oppført kjøp av kransar, utlagt for vask, kaffi og brød og gåver til medlemer.

Inntekter er medlemskontongent med kr 1,- pr medlem, største inntektene er komne frå basar og salg av kaffi på basar. T.d er det i 1926 bokført basarinntekt med kr 215,58, i 1921 kr 226,- , i 1923 kr 233,62.

I 1927 er det fleire uttak frå banken med tilsaman kr 545,-, utgiftene er lån og gåver til medlemer.

Inntektene frå basar er borte, men dukkar opp at i 1935 med kr 85,45. Kassaboka visar og renteinntekter frå ungdomslaget i 1933 med kr 21,- og i 1934 med kr 18,-, i 1939 kr 18,-. men ingen opplysningar om lån til ungdomslaget. Under utgifter i 1939 er oppført kr 25, 37 Hjelp til spanske barn.

H%C3%B8yheims+Arbeiderforening.jpg

Kassaboka har ikkje føringar i perioden 1940 – 1963. I 1964 betalar 11 personar kr 1 i kontingent, i 1965 er kontingenten auka til kr 2,-, og 7 medlemer har betalt.

Utgifter i perioden 1964 tom 1972 er kjøp av stolar til tidlegare eldre medlemer og kransar ved gravferder. Rekneskapen er i 1966 underskriven av Astrid Leirmo - kasserar- , Knut Fosshaug, Magnus Olsen, Margrethe Fuglesteg og Gudrun Fosshaug.

Siste oppføring i kassaboka er saldo 1.1.1973 kr 5,20.

Kontrabok i Luster Sparebank er opna 8. Mai 1934 og avslutta og makulert i 1939.


Vallista. Arbeidar og småbrukarlista (Det norske arbeiderparti) til heradsvalet for Luster herad i 1951 viser tre personar frå Nes og Høiums Arbeiderforening sitt område: Magnus Olsen på 7. Og 8.plass, Herman Dahl på 20. og Kristian Neset på 36. plass.


Tekst: RAL