Malena i Stein
Av: Bjørg Hovland.
STEINABAKKEN er fyrste del av vegen frå kaien til Harastølen med bustader på båe sider. Då Luster sanatorium vart bygd rundt 1900 vart den gamle bygdevegen litt omlagd. Fleire som hadde arbeidsplassen sin på sanatoriet bygde seg hus og heim i bratta.
Ein kan vel sei at det vart Luster sitt fyrste byggjefelt. Det var ikkje snakk om å ta dyrka jord.
«Malena i Stein» - Malene Knutsdotter Dalsøren (1850-1931) voks opp som eldste jenta i barneflokken på åtte på Hammarslott.
Ho var ikkje gift, men det er fortalt at ho tok seg av og delvis ol opp to gutar, søner til systrene Kari og Johanna. Mødrene gifte seg og reiste til Amerika, og når gutane vart vaksne flytte dei etter. Den eine av dei kom heim og bygde hus til Malena i Steinabakken. I takksemd for det ho hadde vore for han. Slik er det fortalt oss.
Malena hadde tvillingbrør. Knut og Ivar Hammarslott, og familien «skreiv seg for» Dalsøren sidan husmannsplassen Hammarslott låg under Dalsøyri. Knut bygsla plass på Øygardane under Heltne og Ivar kjøpte til slutt heimplassen på Hammarslott (Luster-Gards og ættesoga Dale sokn b.2.s. 429). Ivar var snikkar og var med då kyrkja fekk den store omvøla rundt 1900 og han bygde m.a. huset til fargaren på Myrane (no Vegard Gjerde), og storhuset på Døsen. Sveitserstilen var moderne på den tid, med spir og utskjeringar, slik me ser det på dei husa i dag. Det er rimeleg å tru at Ivar hadde ansvaret når huset til systera Malena vart bygt i Steinabakken.
Malena vaska og bakte, var kokke og medhjelpar i bryllaup og gravferder, i små og større lag. I den tid var ein heilt avhengig av «bakstedeier»som kunne sine ting.
Året etter Malena var død, i 1932, kjøpte Sigurd Mo huset, som vart på/ombygd ca 1950 av Sigurd. (Gards og ættesoga Luster-Dale sokn b. 2 s.673) Sigurd Mo (1907-1993) var fødd og oppvaksen på Ottane, som nr. tre i syskenflokken på ti i «Skomakar-heimen» under br. nr.3 (Luster-Gards og ættesoge Dale b.2 s.82).
Han gifte seg med Ragnhild O. Hauge i 1928. Dei fekk to døttrer, Hjørdis f.1928 og Randi Sofie f. 1944. I tillegg tok dei til seg Mary Nornes, ei av dei mange borna som fekk koma frå Bergen og ut på bygda under krigen. Mary vart som tredje dotter hjå dei og budde i Steinabakken til ho vart vaksen.
Sigurd hadde arbeidet sitt på Luster sanatorium og var i tillegg ein flittig fotograf. Det finnst mange foto frå sanatoriet og frå heimane i Luster, av store og små samkomer, bryllaup, konfirmasjonar, familieselskap, turar og utflukter, som Sigurd har foreviga.
Luster sogelag fekk overta foto og negativ etter Sigurd si verksemd. som familien ikkje hadde interesse av. Det er gjeve vidare til Fylkesarkivet, der det etterkvart blir digitalisert og tilgjengeleg.
Huset til Malena i Stein som Sigurd kjøpte. Gamle Dalehaugverkstaden til høgre i biletet
Far og ti syskin truleg i mora sin begravelse 1937
Sigurd Mo ved eige hus.
Sigurd, og Ragnhild med døttrene Hjørdis, Mary og Ingeborg Sofie.