Kristen Johan Vigdal.png

Kristen Vigdal

Kristen Vigdal si diktsamling Von utgjeven av G. Krogshus Forlag Nidaros 1922.

Kristen Vigdal gav og ut desse 3: Hjartetonar i 1906, Sol og skygge i 1924 og Ved åreelden i 1950. Alle 4 diktsamlingane er digitalt tilgjengelege på Nasjonalbiblioteket, nb.no.

Diktet Luster, som og blir kalla Song til Luster er og teken med i Norsk by- og bygdesongbok som kom ut i 2007.

Song til Luster blir mykje brukt i bygdene våre i inste Luster, melodi som i visa Moder, jeg er trett.

Kristen Vigdal 1882 – 1974 var lærar og forfattar. Han vaks opp som nr 2 i ein syskinflokk på 10 i Grøt i Fortun. Han gjekk på folkehøgskule i Sogndal og lærarskule i Volda. I 1902 – 1903 var han lærar i Fortun før han reiste vidare og arbeidde som lærar og seinare både som redaktør, tilsett i forsikringsselskap og gardbrukar. Han døydde på Nøtterøy i 1974.

Kjelder: Luster Gards og ættesoge band 1, Wikipedia.

Helsing som Kristen Vigdal skreiv i minneboka til medeleven Maria Dalsøren

Helsing som Kristen Vigdal skreiv i minneboka til medeleven Maria Dalsøren

Framhaldskulen: Frå venstre sitjande framme: Maria T. Dalsøren, Aagot Havellen, Sofia H.Bringe, læraren E. Kvalen,  Synneva S. Berge(syster til Georg og Samuel Berge frå Feiga,) Kari H. Bringe, Inger M. Fjøsne. 2. rekke ståande: …

Framhaldskulen: Frå venstre sitjande framme: Maria T. Dalsøren, Aagot Havellen, Sofia H.Bringe, læraren E. Kvalen,  Synneva S. Berge(syster til Georg og Samuel Berge frå Feiga,) Kari H. Bringe, Inger M. Fjøsne. 2. rekke ståande: Maria M. Fuhr, Kristen Vigdal, Olav J. Dale, Hans H. Fuhr, Johs. Mo, Lars Vigdal, Johanna Lingjerde. 

Luster

Eg veit ein stad tett innmed Jotunheimen,

Der Lusterfjorden blånar djup og smal,

Der tindarne stig opp av skoddeheimen,

Og jøkulelvar fløymer grå i dal.

Eg veit ein stad med djupe, tronge dalar,

Med hengeberg og fossefall og gil,

Med store rare himmelhøge salar – med bergtrolldans og huldrelåt og spel.

Eg veit ein stad der fjorden femner grendi,

Og grendi legg til fjorden kjælne kinn.

I vene heimar stullar ferme kvendi,

Og der du guten djerv og godlynt finn.

Eg veit ein stad so grøn, og fjelli kransar

Dei væne vollarne med gras av gull.

Den vesle åkerlapp, du snautt nok ansar,

Gjev sunnanlandske frukter mogning full.

Eg veit ein stad med bjørkelider bjarte,

Der talartrosten syng og gauken gjel.

Og kvite liljor gror i bergi svarte.

Og ungdomslyden liver fri og sæl.

Eg veit ein stad, der folket hardt lyt kava,

Men der dei ikkje gjev seg, fyrr dei vinn.

Der guten fyrst lyt læra djupt å grava,

um mogne frukter han vil samla inn.

Det er den stad, der mor og far hev stulla

og havt sin lange, tunge, trugne strid.

Den stad deis at og veslebarnet sulla

og hadde der sin lukkedraum so blid.

Og denne stad, han alltid ljost vil smila

og vinka til meg kjær og varm og mild:

”Kom heim til meg, når sjuk du treng til tvila,

og når du gjeng det trøyy og trenger kvild!”