Luster Idrettslag – 75 års-fest Skjolden Hotell 09.03.2002
Tale av Sjur H Fuhr
Først: Til lukke med dagen !
Han Oddvar kom ein dag på døra med 3 styreprotokollar for idrottslaget. ”Luster Idrettslag er i år 75 år, og skal ha fest på Skjolden Hotell 9. mars, sa han. ”Me har bestemt at me skal ha festtale og prolog.” ”Kven skal stå for det, då?” spurde eg. ”Det er du”, svara han. ”Du må hugsa at eg er ein gamal mann”, sa eg. Han berre bles ”Du har god tid”, sa han. Etter nokre dagar snakka eg med han i telefonen om oppdraget. Då hadde han moderert seg noko ”Dersom du kan syta for prolog, og kanskje fortelja litt om det du minnest frå starten skal du få koma på festen”, sa han.
Å referera frå 3 styreprotokollar over ein periode på 75 år er umuleg, iallefall på ein kveld. Eg tek med første styremøte.
Første styremøte.
Laget vart starta på møte i Tingstova på Døsen 18. April 1927. Første styret vart slik:
Formann: Julius Wågønes
Nestformann: Hjalmar Mo
Sekretær: T. Skålheim
Kasserar: Knut Aasen
Materialforvaltar: Sigurd Dale
Søknad til heradstyret om bruk av Ekservollen. Innvilga
På årsmøtet same år vart det bestemt at Luster Idrottslag skulle melda seg inn Fylkeslaget. Innmelding 1928. Dalsdalen Skilag samanslege med idtottslaget 1932/1933.
I 1927 var eg 9 år gamal. Eg tykte det var underleg då det brått ein dag vart nedsett staurar til mål, og folk som eg då helst tykte var gamle, som t.d. Tomas Bringe, Tøger Krossen, Per Krossen, tok til å springa etter ein ball på Ekservollen. Me budde i merkje med plassen. Men det var ikkje lenge før eg skyna vitsen med springinga.
Ein stor jordhaug midt på plassen måtte vekk. Medlemer møtte til dugnad. Anders Kvalsvik var innleigd med hest og kjerre for å køyra vekk massen for 6 kroner. Finpussen tok dei med den store markaplogen frå Dalsøyri med 2 hestar føre. Tvigang, åsen vart knekt, og det vart mykje styr med vøling.
Etter kvart kom det skikkelege målstenger av 4x4 toms boks. Det vart sett opp permanente turnringar mellom 2 høge stolpar med eit tverrtre på toppen. Så kom svingstang som lett kunne demonterast. Vidare vart det innkjøpt spyd, discos og kule, og det vart snekra saman eit høgdestativ. Grop for lengdesprang vart graven med satsplanke i flukt med bakken.
Aktiviteten i laget vart etter kvart stor, med fotballkampar, friidrett og ski. Dalsdalen Skilag vart samanslege med Luster Idrottslag 1932/1933. Det vrimla av kampar, stemner, resultat og rekordar, namn på dei som var med. Det er uråd å nemna så mykje av dette her. Men primus motor i mykje av aktivitetane var Julius Wågønes. Han var m.a. den einaste eg såg tok kjempeslangen på svingstonga.
Det gjekk ikkje lang tid før me gutungane var i sving på Ekservollen. I sommarhalvåret var det fåe ettermiddagar og kveldar det ikkje var einkvan som trena med fotballen eller kula eller dingla i ringen.
Ikkje alle var like oppglødde for aktiviteten. Han Ola krov ”Time out” når han kom med mjølkebøtta si frå fjøsen. Og han likte sjølvsagt ikkje at ballen ofte flaug høgt over hellegarden og langt opp i Myri, slik at me trakka ned graset når den skulle hentast. Og ho Anna var snar å blåsa i luren når ballen hamna i hagen hennar. Far måtte berre tiga, for han hadde meg springande i flokken. Dessutan var han så interessert i leiken at han kjøpte skikkeleg fotball til meg.
Fleire gonger gjekk det ei glasrute i 2. høgda i huset vårt. Ein gong mor sat ved glaset i stova og høyrde eit radioprogram, kom ballen og glasbitane inn over hovudet hennar. Det einaste ho sa var: ”Det var bra den ikkje tok radioen.”
Ein litt eldre kar kom tilfeldigvis over plassen ein dag, fekk auga på kula, og trudde det var fotballen. Han tok tilsprang og klemde til. Kula vart liggjande. Fotabunaden hans var reingde hudsko. Han halta frå plassen og snakka med seg sjølv. Eg fekk ikkje tak i kva han sa.
Fotballutstyret den gongen var helst dårleg. Mine fyrste fotballsko var eit par gamle pluggastøvlar som han Bru-Hans sette knottar på. Fotballbuksa var ein omsydd hveitemjølsekk. Me som var rimeleg bra til å springa, og var noko tunge etter alderen, fekk etter eit par år trena saman med dei vaksne. Og tyngd måtte til. Sprang du på dyrlekjar Hannestad, som var med på laget, var det som å springa på ein mur.
Nokre spelte i tennissko, medan andre brukte beksaumsko. Ein av karane, som var skomakar, hedde beslege beksaumarane sine med bandajarn rundt heile solen. Han var fårleg å koma nær. Ein gong han skulle rydda opp framfor øvste målet, flaug ballen over uthuset på Øyri.
Nærast nabo til fotballplassen var møkhuset på Øyri, med to opne inngangar. Ballen fekk ofte lauga seg i nautalandet, og var ein sur fant å skalla etterpå. Eg har sparka fotball på murkelbana i Skjolden, der ein måtte leita i sagamjølet etter ballen. Vidare har eg vore med i kampar på Fosshaugane i Sogndal, i Vik og i Aurland. Etter kvart kom ein ny generasjon på bana. Eg har skyssa mykje han Oddvar, Erling og Hans Rune. Dei var spreke gutar som gjorde seg gjeldande i friidrett og fotball. Om styreprotokollane vil eg seia: Dei inneheld kulturhistorie av stor verdi, og kan sikkert vera grunnlag for ein heil avhandling. Dei fortel om idrettsgleda, kameratskap, innsatsvilje og dugnadsånd, og har mykje å læra oss. På ein 75-års fest vil eg finna det naturleg at me roar oss eit lite minutt, og reiser oss i vyrdnad for alle dei som no er borte, og som – på kvar sin måte – har hjelpt laget fram, slik at me i dag kan feira denne 75-års dagen.
Prolog til Luster Idrottslag sin 75-års fest på Skjolden Hotell 9. mars 2002, av Sjur H. Fuhr
Syttifem-års fest på Skjolden Hotell
i år totusen og to,
er ein åremålsdag med ein mektig apell.
Den får idrottsliv til å gro.No kjem me nett frå vår TV-krok,
frå Salt Lake, der gullhaugen veks,
der norske kvinner og menn medaljane tok,
med rekordar som seier minst seks.Men alle dei store tok til i det små.
Me her og lyt gjera det slik.
Om målet du sette du ikkje rakk nå,
du var med og kjende deg rik.Og kanskje i Luster ein gullvinnar veks.
Med tida kan mykje skje.
Ein spåmann kan ha eit truverdigkompleks.
Lat framtida styra med det.Og soga om Luster sitt idrottslag
tok til som notat i ei bok.
I april tjuesju finst den merkjedag,
som i kveld oss alle hit tok.På Ekservollen det starta
med fotball og friidrott.
Tilhøva var ikkje ”aparta”,
men likevel gjekk det helst godt.Tidt støvlane var forsynte
med heljarn og skobespar,
så gneistane flaug og lynte
når foten i mark sette far.Og me som er gamle kan hugsa
mang ein underleg fotballdress.
Tidt kveitemjølsekk vart til buksa,
Med bokstavar og striper på tvers.Og når Wågønes sjølv instruerte,
og når Kjelland og Hannestad
sin teknikk med ball demonstrerte,
gjekk leiken på vollen svært bra.Men når friskusen Sigurd Dale
slapp til med ein hoftesving,
som ei flaksande, vengskoten svale
flaug til vers både backar og ving.Og når ”Tøgehelten” i farten
rende fram som eit lokomotiv,
måtte du vera snøgg i starten
for å berga lemer og liv.Eg trur Dalsdalen var den grenda
der skisporten voks og skaut fart.
Det var snømengd og løyper kan henda
som gav vilkår for toppfolk så snart.For Bertinus og brødrene Kilen,
Ja – han Sigurd og Harald og Per,
snart jaga bort lurande tvilen
om at ikkje me klarte det her.Og så kom ”Sigurdsagen”,
og frå Fossen han Hansemann.
Men sjølv ikkje på 75-års dagen
alle kjendisar nemnast kan.Dei for laget her la fundamentet,
for det laget som her held sin fest.
Skal den arven dei gav gjeva rente?
Svar på dette veit ungdomen best.Og Odd Skildheim frå Luster vart trenar
for Frankrikes landslag på ski.
Ein slik karriere fortener
å få mange andre på gli.
Gjennom åra har lagslivet bylgja.
Det har gått både ned og opp.
Gamle bragder er vande å fylgja.
Ikkje alle kan vera på topp.
Og å vinna er ikkje det beste.
Slik seier eit gamalt ord.
Men å delta det kan dei fleste,
om pokalen slett ikkje blir stor.Kroppsleg trening gjev styrke i foten.
Den gjev hugnad med mange i lag.
Lat det framleis vera på moten
med idrott av rett mange slag.Lat oss ynskja for idrottslaget
liv og helse i komande år,
ynskja vekst av det byggjande slaget,
slik at stendig det sterkare står.Måtte ungdomen plassen sin finna
nett der trongen til dagen er størst.
Og ingen kan sigeren vinna
som ikkje vil prøva seg først.Idrottsarbeid styrkjer nasjonen.
Slikt arbeid er også kultur.
Lat oss prøva å finna tonen
her i bygda, nett her me bur.
R.A.