Luster Bygdekvinnelag 80 år

Tekst: Bjørg Hovland

Ein høg alder for eit lite lag, eit av dei eldste i fylket. Når ein ser attende er det mykje som gror etter bygdekvinnene.

Dei fyrste åra med medlemer frå Sørheim og Kroken og seinare innafor skulekrinsen med Høyheim og Nes. Skipingsmøtet var på Dalsøyri 25.februar i 1939 hjå Maria Hovland som vart den fyrste formannen og seinare æresmedlem. Siste æresmedlem var Helga (Berge) Skjolden.

I prologen som Anna Maria Lerum skreiv etter 40 år med med bondekvinnelaget, står det mellom anna slik:

“ -so vart bondekvinnelaget skipa i 1939

men hadde berre eit årslevetid.

Krigen kom til landet

me var ikkje lenger fri

Laget gjekk i dvale

ein kunne ikkje driva lagsarbeid

utan fritt å tale-

Men då dei vonde åra var til ende

me fred og gleda kjende”

og vidare:

“ -Møtetidi var oftast kl. 3

for då kunne dei fleste vera med.

Då kom dei heimatt til beistastyren, til mjølking og slikt

for det var bondekvinna si sjølvsagde plikt.

For at medlemene på Sørheim skulle få vera med

passa det so godt med den tid kl 3.

Då gjekk fylkesbåten mellom Sørheim og Luster som bestilt

Ingen trengde lida ilt,

for over fjorden me måtte då

det var ingen veg og bilar som nå.”

Dei fyrste åra etter krigen var det mange basarar til gode formål, m.a.til inntekt for servise som kunne brukast når det var store lag som t.d. bryllaup og gravferd, istaden for å låna i samen frå mange heimar, som var vanleg.

Både bondekvinnelaget, husmorlaget, arbeidarkvinnelaget og vanførelaget (som det heitte den gongen), gjekk saman om det. Seinare vart det samla inn til servise i samfunnsbygget på skulen.

Saueklyppinga var kvinna sitt ansvar og arbeid, og laget var tidleg ute og kjøpte saue-klyppemaskin, og brått så vart det mannfolkarbeid!

Luster bondekvinnelag gjorde opptaket til og fekk igang 4H, Dale skulemusikk, Luster sogelag og nye bygdebøker for Luster. Det var studieringar og demonstrajonar, lefsebaking, vevkurs og utstillingar av både bruksting, broderi og vevsaker.

Laget samla inn pengar til ny golvløpar i kyrkja og pynta den til haust-takkefest årleg.

Stølsdagen på Tadlagjerde, då det også var utegudsteneste i mange somrar, var svært triveleg, men også arbeidskrevjande for eit lite lag med aldrande medlemer.

Bruresølv med krune og det som høyrer til kjøpte laget på auksjon i Bergen i 1983. Stasen har vore utlånt 50 gonger til bryllaup og 11 gonger til utstilling og «liksombryllaup».

Laget har gjeve bruresølvet og tilhøyrande drakt/klede til Dale kyrkje, som heretter forvaltar og leiger ut etter avtale.

Luster bygdekvinnelag har heile tid arbeidt for levande og aktive bygder, og formålet er det same for landsorganisasjonen i dag.

Medlemstalet vårt har gått opp og ned. Kvinnerolla og samfunnet har endra seg på 80 år, og i vår tid er det ikkje lett å rekruttera. Kvardagen er travel på ein annan måte, og det ser ut til å vera vanskeleg i vår vesle bygd å kombinera lagsarbeid med heim, anna arbeid, skule og andre fritidsaktivitetar.

Laget hadde sitt siste medlemsmøte på Luster eldresenteret 25. februar 2019, på dagen 80 år sidan det vart stifta. Æresmedlemen vår, Helga Skjolden, var ein av pensjonærane.

På kvinnedagen 2019 samla Luster bygdekvinnelag folk i alle aldrar i Prestegarden for ein triveleg kveld. Hildur Øygarden fortalde, spela gitar og song frå eit mangfoldig og fargerikt kvinneliv på bygda. Det vart den siste organiserte samlinga til laget.

Siste styremøte med endeleg vedtak om nedlegging var på Lustrabui 16.mars 2021.

Olaug Høyheim, leiar. Bjørg Hovland, skrivar. Anne Lise Aasen, styremedlem. Tordis Langvandsbraaten, styremedl. Astrid Fjøsne. Ragna Aud Leirmo, kasserar.

Foto 1: Bygdekvinnene på Bærfestivalen i SKjolden i 1995.

Foto 2: Laget hadde sitt siste medlemsmøte på Luster eldresenteret 25. februar 2019, på dagen 80 år sidan det vart stifta.

Foto 3: Bygdekvinnelaget arrangerte stølsdagar i Dalsdalen i Luster.

Foto 4: Handtverk.

Foto 5: Æresmedlem Helga Skjolden

Foto 6 og 7: Brurestasen til Bygdekvinnelaget.