Lukris Narvesdotter Hesteskår 

I 1802 var det bygd ei «ny» tømrastove i Hestaskårane. Ho var ny for dei som då budde der, men materialane kom nok frå gamle hus frå nokre gardar i bygda .

Hestaskår sin støl, Brennesteinane, i eldre tid.

Hestaskår sin støl, Brennesteinane, i eldre tid.

I Luster som så mange andre stader, har det vore ein god tradisjon å bruka opp att byggematerialar frå eldre hus. Den mest kjende bygningen me har i Luster – og den er verdskjend – der materialane har vore brukt opp att, er stavkyrkja på Ornes!

I 1802 skjedde det også andre store ting i Luster. Den «nye» prestebustaden var klar til å ta i mot storbesøk frå Bergen. Biskop Johan Nordahl Brun kom på sin fyrste visitas til Luster 7. juli og besøkte prestegarden ei heil veke.  Han skildra besøket slik i dagboka si; ”Her er ret trivelig, skiønt huus, vakker vertinde, godt sælskab og ypperlig bevertning”.

Bror til presten, Joachim, som eigde Nygard, hadde flytta frå tunet ved kyrkja til der Nygardhuset ligg i dag. Han og naboen på Dalsøyri krangla med kvarandre og Joachim ville flytta lengst mogeleg vekk.

I 1802 var Lukris Narvesdotter husmannskone i Hestaskårane. Då var ho 66 år gamal. Ho er den som har budd der lengst i Hestaskårane av alle dei plassfolka som me kjenner har halde til her i tida 1669 -1902. Ho var her i tilsaman 62 år. 41 år som husmannskone og 21 år som kårkone. Ho var fødd i 1738 og 25 år då ho kom hit og 87 år då ho døydde i 1825. Dette tyder på at ho var ei kvinne med sterk helse, for dette var ein høg alder for ei «slitarkone» på den tid.

Lukris i Hestaskårane i 1763 med fyrste mannen – på same tid som presten Daae og familien kom i prestegarden. Mannen Peder døydde i 1768 og i 1770 gifte Lukris seg opp att med Sølfest Johannesson.

Dei overlet Hestaskårane i 1804 til nye plassfolk. Sjølve flytte dei på kår – to år etter «nyestova» stod ferdig. Då dei bygde huset såg dei truleg føre seg alderdomen og bygde så på eit loft som dei kunne bu på. 

Lukris og Sølfest hadde nok gjennom så mange år som ”plassfolk” opparbeidd seg ein posisjon i tunet kring kyrkja, og materialar til ”nytt” hus fekk dei nok tilgang til anten ved betaling eller gjennom arbeid på gardane.

Til huset fylgde det også med mange andre bygningsdelar som t.d. 4 blyglasvindauge, diverse små dører og div listverk. Noko kan ha kome frå Årstu (Nygard) og noko frå prestegarden. Det er vel mogeleg at dei store endringane skjedde når ein brukar var her i lengre periodar og at dette var sluttverket til Lukris og Sølfest. Nær kontakt med gardane kring kyrkja i vel 40 år kan ha gjeve dei god tilgang på gamle bygningsmaterialar til å setja opp ein ”ny” lemstove i 1802.  

Lukris

Lukris Narvesdotter var frå Langeteigen, og var fødd i 1738 og døydde i 1825.

Lukris fekk i alt 7 born. 3 i fyrste ekteskapet og 4 i det andre. Men berre 3 vaks opp.

Fyrste manne Peder Johannesson Hesteskaar  – også frå Langeteigen - var fødd i 1724 og døydde i 1768.  Johannes og Lukris hadde ei kort tid, eigen gard på Steig før dei kom hit. Dei har nok ikkje greidd seg økonomisk på garden og måtte selja den.

Då dei kom i 1763  hadde dei med seg den 1 år gamle sonen Johannes. Han døydde alt i 1785 – 23 år gamal.

  • Dottera Britha  fødd i 1765 og død i 1837 – 72 år gamal

  • Sonen Peder fødd i 1768 og død i 1841 – 73 år gamal

I 1768 døydde mannen Peder. Lukris sat att med tre små born på 5 og 3 år og ein baby.

Det ville vore naturleg på den tid å gifta seg opp att straks etter at mannen døde sia ho var aleine med arbeidet på plassen og tre små born, men det gjekk 2 år før det skjedde. Den nye mannen var Sølfest Johanneson Hesteskår (frå Mørkrid) – han var fødd i 1739 og døydde i 1812.

Lukris og Sølfest fekk desse borna:

  • Torkild fødd i 1772 og død i 1772

  • Christi fødd i 1773 og død i 1780 – 17 år gamal

  • Johanna fødd i 1776 og død i 1785 – 11 år gamal

  • Christi fødd i 1784 og død i 1816 – 32 år gamal

Lukris fekk seg nokre harde slag ved å missa tre born før vaksen alder. Det var nok harde kår dei levde under.

  • Kva hus hadde dei før dei bygde lemstova! Kanskje var det som no er kjellar ei steinstove og dei kan ha budd her?

  • Kanskje var fjøsen også ein steinfjos på den tid?

  • Her var rikeleg med byggematerialar av stein som dei kunne hogga ut av «skorane» bak tunet? Villskifer til å bruka som takheller var også lett å få tak i for den som kunne arbeida.

Litt om Hestaskårane

Me veit at Hestaskårane var husmannsplass i 1669. Dette veit me pga at det vart endring i skattesystemet og dermed vart husmannsplassane registrert i offentlege dokument. Me veit også at dei største gardane i bygda hadde tilsaman minst 16 husmannsplassar på den tid. Plassane hadde heilt sikkert kome der mykje før og var eit vel etablert system.

 Oversikt husmannsplassar i 1670 på nokre gardar i Luster:  

Tal husmannsplassar på 1600-talet

Dale – Prestegard

5: Fransadøsen, Lauvhjellene, Årstu, Sage, Myri,

Dalsøyri

3: Hammarslott, Langeteigen, Øygarden

Nygard

1: Kvitevollen

Heltne

1: Hestaskårane

Kvale Presteenkesete.

2 - Kvalsviki?

Fuhr

4: Sage, Myrane, Leirhola, Stein (Dalsdalen – eldst?)