Peder Endresen Qvashidler 1787-1868
måla av Adolph Tiedemand datert i Feiga, Olsok i 28. juli i 1843. Eit svært talande andlet og uttrykk
Kanskje var det dette blikket Tiedemand vart fasinert av, og kanskje var det slik at Peder rodde ferdafolk på fjorden som ei ekstra innkoma? I Kvasshidler var det meir enn skrint og ikkje mykje å leva av.
Me kan sjå føre oss Peder med kvasse åretak, ror så det fossar mot Feiga og Kroken med Tiedemand sitjande i bakskuten med skisseblokka. Han er komen over fjellet ilag med den tyske målar venen Herman Kaufman og skal til Feiga og Kroken.
Tiedemand har teikna/måla utallige personar og mange har namn. Dei fleste er presenterte i boka til Aagot Noss - Adolph Tiedemand og folk han møtte-.Universitetsforlaget 1981.
«Kvasshidler-Per» er den einaste frå Sogn og Fjordane. Men kven var han?
Takka vere at Luster har så gode ættebøker så finn me han som plassmann i Kvasshidler under Høyheim nedre, garden til Jan Øvrebø (b.3 s.727)
Han gifte seg med ei «eikkja»(enke)-og busette seg på plassen der ho, Kari frå Trondviki budde, - ei stova i Kvasshidler.
Dotter til Kari av fyrste ekteskap, Marta Pedersdotter, var kona til Jerva-Jakop, og såleis den som vart skubba utfor hammaren av Jakop. Han vart avretta for ugjerningen.
Som kjent var «Jerva-Jakop» den siste som vart halshogd på Ekservollen i 1856.
«Kvasshidler-Per» var fødd og opp vaksen på «Øyrad´n»ved Ekservollen i Luster. Foreldra hans var Endre frå Lunden på Røneid og Sofia frå Haugen under Heltne. Begge foreldra hadde born frå før så dei var mange i strandsitjar-stova.
Stova står der den dag i dag. Eigar no er Erling Kvalsøren.
Tekst: B.H. 2021