Illustrasjon henta frå Annemor Sundbø: Usynlege trådar i strikkekunsten.

Fram mot jul, på den mørkaste årstida rundt Lussi langnatt, kunne det frå Dalsdalen i Luster koma eit stort dauingafylgje som vart kalla

Kringle-fylgje

Fritt etter to nedteikna versjonar om Kringlefylgje, i tillegg lokale forteljingar.

Det var to karar som sat og svadla og smakte på julaølet, og så kom dei inn på segni om Kringlefylgje. Han eine hadde høyrt gjete denne julaskreii med illgjerningsmenn og markstein-flyttarar, at det ogso er folk med, som endaa lever, - slike, som hev ord fyr å vera meir enn ålment lastafulle på ein eller annan måte, til dømes plundrefantar, gnikarar og drikkarar.

Men han hadde aldri høyrt korleis det starta.

Jau, da ska eg plent fortelja deg- seie han som heitte Bård. Han hadde greia på alt mogeleg og hadde truverdige utsagn på reie hand.

”Inni Luster var da tvo jente so va usams um ein dreng dei likte godt beggja tvo. Men drengjen likte berre dan eina, og ho vart fremmeleg (gravid). Då dei skulde til støls desse jentedna, og dei rei forbi Kringlevatne ute på stupe, so vilde dan eina skua hi uti. Men da gjekk ikkje likare te anna dei valt neri vatne, beggja tvo. Når julaskreii kjemme dar, so kjemme jentedna òg riande upp frå vatne.»

Ein annan versjon om budeiene er slik:

So var der eingang på Kringla tvo budeier, som hadde fenge slik sterk elskhug til ein væn gut; honum vilde dei hava og honum måtte dei hava:

So hadde dei ein gang vore heime med klyv og fylgdest framatt igjenum. Den eine reid uppe imillum klyvi, og hi gjekk etter og bar stagi.

Men, då  dei var komne framatt åt Agåta-lykkja, slog den, som gjekk,- til den, som reid, med stagi, so ho datt av hesten og på vatnet og bleiv(drukna).

Det seiest at dette var Heltna-budeia og Øyra-budeia, der den ein heitte Ågot(Aogåta). Difor heiter bukti der jenta bleiv(drukna)- «Aogåta-lykkjao» den dag i dag.

I Dalsdalen, ved Bringestølen og Rudningsteinane, der var det ein gong ei budeia som i armod og rådløyse hadde drepe barnet sitt.       

Desse tvo og ho, som drap barnet sitt, er dei fyrste, som er med i dette lange fylgjet. Sidan samlast der fleire og fleire, som ha fare med  noko uløyves, gjort urett, antan er drepne elde ha «fare ildla» på annan måte, - framme i dalen.

Han Mons i Myri fortel:

Dei andre so fylgje skreii, kjemme te i kver sin fjerding, summe på hesta, summe på sala, summe på tønne og summe på kjerre. Og dei fere med store dun og dynjing, nett so ein heil øykjadrift skulde ha fóre ned gjennom Dalsdalen,

-Som sagt: trast fyrr fylgjet kjem, høyrest ein sjug og ein dun; det er plent hoggande, som tvau store kjerald kjem trillande etter vegen.

Fyrst kjem der so ein ridande på ein stor, raud hest. Det skal  vera ein hestahandlar, som hev vore framifrå te å  snyta og lura folk i sine handelsgreider.

Etter honum kjem der ein med ei vigt; han hev stole i vigti – ein landhandlar, veit eg

So kjem der ei bakstekjering med ei brødlefsa under armen der hjarta på lefsa er brote av,- ho som hev vore so gniki med tenestfolki sine og andre.

Ein mann kjem med ei blodutt øks – sume segjer ein kniv – i handi. Det skal vera ein, som heimst i Dalsdalen hev drepe ein framand handelskar og stole av han pengarne.

Ved Slis-grindi vart ein legdakall teken av dage. Husbonden fylgde etter han og var redd for å bli skulda for vanstell då kallen var på heimagarden hans. Kallen rømde før tida var ute fordi han mest ikkje fekk mat og hadde det slemt,

Han kom aldri til rettes dit han skulle. Det vart sak, men dei fekk ikkje noko på bonden.

Men etter dette så steila hestane ved Slis-grindi, ville i augo, stod og stampa og det skumma kring beitle,- dei ville ikkje gå lenger.

Mange år etterpå kom ein kidling med ein hovudskalle tredd innpå eine hodnet, - men då var beviset for gamalt....

(Slis-grindi tyder eigentleg  Slees-grindi, der dei bytte køyredoning, frå slede til hjul og omvendt, alt etter føre. Grindi er erstatta med ferist, så namnet blir etter kvart borte.)

Kjem der so ein prest – sume segjer at han kjem allrafyrst - ; han ber ei bok under vinstre armen. Sume trur, det er svartaboki; men andre segjer, at det er den som dei kallar ”Prestapina”- Presten gjeng ålvorleg og høgtideleg og held med høgre handi på høgre bukselumma, vert so uroleg, høgg kvast med augum, renner ned i lumma med handi, kjem trekkjande med ein pengapung, stend og tel pengar uppi; men pungen vert aldri full.

Ein går med ei tjukk setlabok i handi, tel papirpengar og vert aldri ferdig; det er ein lensmann.

Di næst kjem der ein halvdrukken spelemann med ein felestokk i handi.

Etter honum kjem ein med ei bok i handi; han ser myrk og sur ut – sukkar tungt, renner, rett som det er, i sinne etter spelemannen, kastar seg av vegen skrevar uppover med ein leid skrik.

Ja, so segjer han Mons i Myri, som såg deim for tvo, tri år sidan.

Gjer so denne myrke mannen ein sving burtum eit merkje, kjem att og hev bal med setlaboki, som han køyrer inn under vesten, blader i hi boki, freistar syngja og ser då på dei stakkars kvinnfolki.

Han Mons veit godt, kven dette er, han, segjer han; men han vil ’kje ut med det; han segjer, at det gjeng ord um, at det hev vore noko stell millum denne mannen og gjentene.

Ja, detta va øye til spøkri, sa han; ”men dan verste dauingjen eg ha høyrt gjete, da va Gamle-lensmannen på Dalsøyri, og da va ikkje undarleg; for mea han livde, va han ein fæle stygge mann med ei stor bjødnaskinnshua, og han hadde gjort alt da idla so noken kann gjera; han hadde soge sveitten og blode av fattistakkaren, han hadde flådd armoi og flytta marksteina; men so fekk han òg ein bråe og ufjelge ende,- for han stupte daue i vegaveiti før han kunde nebna Jesu nabn.

Alder hadde noken høyrt om slike styr med noke lik so da va med hass; ja da va ei makaløysa til spøkri. Då han låg lik og dei vakte og brende yve han, vart ljosi sløkte, og då  dei kom innatte med ljosi, sat da ei stor svart kjetta ved hove åt likje, og dan va da ingjen som var kar te flytta.

Ikkje meir enn tvo herdige kara torde vera dar; dei låg i ein sengjakarm. men heila natti kjende dei kòleis fjøledna dysste under dei, nett so dei skulde ha lege på ei bylgje.

Då dei skulde slå atte kista, vart da ei haglbya so varde so lengje gravøle stod på, og klokkedna kunde dei ikkje få te ringja, før han Ringjar-Daoe i Bergsbøen gjekk upp i tårne og løyste dei; då fòr da so mykje trollskap og develskap ner i gjenom at han kunde mest ikkje berga seg.

Men han va no av dei so kunde mangt og mykje.

Lensmannen va ein store svære kar i livande live, men kista va ’kje tyngre enn han skulde ha hatt ein hanaskrott, og da va dei so både sa og meinte at dan svarta kjetta hadde reist med han, før han kom i kista.

Då han kom under torva, vart været lika so fint og yndeleg, so da hadde vore ufjelgt og meinsleg under gravøle. Men på gravi voks da upp allslags ris med nåle på, so ingjen hadde set før.

Gamle-lensmannen kjemme te i fylgje attmed ei stor osp på Øygardsbøen, for dar ha han vore med og flytta marksteina. Og kver gong han kjemme, brenne da i ospi, nett so ho stod i logje; men elden e’kje soleis so vår; da e ikkje ljose eld; men han e myrkraue – myrkare enn glø og vindskye om morgonen.

Da va elleve kara so såg da på ein gong.

Sia dan ti’i fere han med julaskreii, og dar e han med dei høgste. Han fere nærmaste nykkjen, so rie fyre på ein svarte øyk, og difor får ingjen i følgje seia: ”nykk i beitle”.

Ein mann råka fylgjet ein gang i eit strôp yver Øvre-Skår. Der er svært smalt der, so han ikkje kunde koma til sides. Difor laut han standa og sjå på deim allesaman, til dess dei var komne nedum. Og sidan vart han sjuk heile vetren etter.

Heimi Øvre-Skår, der helde dei til ei stund og dansar på låven.

Ved ein åker der kastar dei eldsnyster upp i veret. Tråden rekkjest av, og det gneistar av honum.

So var der fyr ei tid sidan ein modige tenestegut der på garden i Skår. Han meinte at han inkje skulde røma or stova, um der kom aldri so fælt og stort fylgje av daudingar og styggedom – um dei so rømde alle andre husens folk.

Dette var visst jolaftan – etter som eg kann skyna.      

Ja – alle hine rømde um kvelden, og guten sat att åleine. Han lydde væl etter, um fylgjet kom. Det leid alt langt på kveld; men han høyrde ingenting. Og han sat so smått og gledde seg yver, korleis han um morgonen skulde narra upp hine, avdi dei var so steinande toskne, at dei trudde på slikt tøv og tull.

Men, best som han sat so, høyrde han ein dun, so det skok seg mest alt i kring, og um ei liti stund kom der inn ei heil skreid. Guten både hitnad og kolnad, men sat i ro.

Det var ’kje lenge fyrr dei såg honum. Og han fekk fulla køyr! Dei tok og slengde honum ut gjenum glaset, so det sokk i honum! Han innatt! Dei køyrde honum ut same vegen. Det var då som hinn og dan – skulde han giva seg! Han rende innatt; det gjekk lika eins. Han laut gjeva seg. Men då skulde du høyrt, kor håst og etande vondskabsfullt dei lo alle, som i fylgjet var.

Dei såg ut som dei var halvt drukne og var so mange, at det var syrgjelegt å koma i hug, sa tenesteguten.

Det er mange andre og, som hev sitt deim, og dei segjer det same.

Frå Skår ber det lenger heimigjenum med deim – radt heim på Øyri. Der dansar dei – ein undarleg dans, kan du vita, - vissa kver jolaftan; difyr lyt låven sopast rein då; ingen ting må vera i vegen fyr deim.

Men på Krossen kjem so ein gamall mann med ein stav i handi. Han er so skjelmutt(skøyig) han, at han set staven fram i vegen fyr folk, so dei rullar yver endar – nett som føterne skulde voret skotne undan deim.

Han hev same arti i seg no, som då han levde; og det hev ogso hine, som er med i fylgjet.

So var der eingang ei tidig gjenta, som vilde freista deim – ja ho trudde no ’kje, det var annat enn berre nokot rør, dette um fylgjet. Ho lagde seg på låven. Men det gjekk plent slik slag med henne som med guten i Skår; ho vart utkastad, so ho visst fekk kjenna det fyrste bilet – ein skulde aldri freista sovore; ein skulde helde vera glad, at ein var fri det.

Dei dansar på Øyralaoen og før dei reiser or bygdi og dei treffer Krokafylgjet uti fjorden. Dei er ute i same ærend.

Mange segjer, at fylgjet fer utetter heila bygdi radt til Nes, og til Gopn, fyrr det hev fenge til seg alle, som i sanning høyrer det til.

Dette er truleg, og då vert nok radi lang – kjende og ukjende, levande og daude.  

Bygdarfolki veit fulla, kven mange av deim er, som er med; dei er der dei best høver – etter det gamle ordtaket:

”Sækjast ser um likr”; eller, som me no segjer: Dei søkjer kver sin like.     

Vil du koma væl ifrå dette fæle fylgjet – um du nokor tid skulde vera so vanheppen å råka det – so må du leggja deg ned attmed vegen som ein kross. Strak med armane rett ut. Då sputtar dei på deg og fyar. Eller du må hava stål på deg.

Ein, som råka det, bar på ein ljå. Der er so trangt på den staden og difor so laut dei den gangen ut i elvi allesaman; og dei vart nok væl lauga, fyrr dei kom uppatt, og det var ’kje fritt, fyren drog på smilen.     

Det er mange, som hev sét fylgjet fara heim dalen; men ingen hev sétt deim fara framatt.

Link til Olav Sande. Segner frå Sogn, bolken Segner side 62 Kringlefylgjet og Krokafylgjet

Link til Asbjørnsen og Moe samlede Eventyr band 2 Fra Sognefjorden fom s. 528

Illustrasjon henta frå Annemor Sundbø: Usynlege trådar i strikkekunsten.