Kommunikasjon

Tekst: Kristina Stuppelshaug Øygarden/Bjørg G. Hovland

Å vera kusk ved sanatoriet var ikkje alltid så enkelt. Verst var det vår og haust då ein måtte bruka kjerre nedst og slede øvst på snøføre. Teleløysinga kunne vera slem.

Pasientar som reiste eller kom, vart aldri køyrde med taubana. Kom nokon om kvelden eller natti, måtte dei overnatta hjå «kaimannen» der to rom var til det bruket.

Foto 1 Tekst: Huset til "Kaimannen". Eigar: Mette Melvold.

FOTO 1 Huset til «Kaimannen» Eigar: Mette Melvold

Vanlegvis vart «hurtigruta» nytta frå Bergen som gjekk kvar torsdag. Det tok nærare to døgn kvar veg. Om vinteren hende det at fjorden var islagd so båten la til ved iskanten og lossa folk og varer der. Det kunne vera vanskeleg mange gonger.

Pasientane vart pakka ned i tjukke køyre-ulsterar og skinnfóra fotposar for vidare køyring med hest og slede oppover svingane. Det tok bort imot to timar, så dagen kunne bli lang.

Foto 2 Kusken Ole Feigum har henta eit reisefylgje

Me borni var svært lite i bygdi når me var små, i allefall vinterstid. Men tykte det var ovgildt når det hende. Minnest ein gong då me tre borni skulle få vera med mor på julehandel. Mor sjølv skulle køyra gamle, rolege «Flora» og me var lukkelege då me vart nedpakka i fotposar. Eg var så liten at eg hugsar ikkje so mykje av sjølve julehandelen, men det var vorte heilt mørkt før me var ferdige og skulle på heimveg. Me alle vart so skremde av ein stor «busemann» som forfylgde oss med stor svart hatt,- og mor vart so redd! Tenk- so var det far som hadde lurt seg ned med bana for å fylgja oss oppatt,- men gjera seg framand fyrst. Då var eg 5 år.

Våren 1923 kom det ny maskinist, taubana fekk meir ettersyn, noko vart utskift og kontrollen streng.

Då fekk ein lov å køyra «på eige ansvar»som det heitte. Der kom også faste ruter for folk.

Den gamle taubana over Lauvhjelledalen

Foto 3. Den gamle taubana over Lauvhjelledalen. På det høgste var det 30-40m ned til bakken.

Det var ei fin opleving å fylgja taubana i godvær, men i regn og snø måtte ein breia seg ned med presenning. Då rann det rustavatn nedover oss. Berekabelen til taubana låg over 7 store bukkar med korte og lange mellomrom, ettersom terrenget var.

Heldigvis hende det aldri noko alvorleg uhell med folk. Men ved feil lasting datt ei koks-last ned, og ein gong eit lass med tomme mjølkespann.

På ein bestemd stad var det 30-40 m høgt so ein såg tretoppane langt under seg. Det var ei felsleg kjensle å sitja på om ho av ein eller annan grunn stogga undervegs. Det var heilt onnorleis enn i fart.

Køyretidi var 10 min.

I 1955 var den nye gondolbana ferdig og den brukte 6 min.

Foto 4. Taubane stasjonen var ein naturleg samlings og møteplass.