Åkle

Husflid Åkle.jpg

Åkle i "dubbel-krok", - åkle vove i dobbel krokbragd, truleg frå slutten av 1800-talet. Slike åkle var vanleg i alle heimar som overbreidsle på senga, to alnebreidder sydde saman på midten. Dette var Bjørg G Hovland si bestemor, Berta O. Øygarden, sitt.

Åkle er ein del av kulturarven vår. Ordet åkle kjem frå det gammalnorske àklæethi som tyder sengeteppe. Senga var eit framtredande møbel i den gamle stova, tekstilane som vart brukte til å dekka over halmen og gje senga ei overbreidsle var difor fine og ordentlege. Arbeidet og kunsten å veva gjekk i arv frå mor til dotter gjennom generasjonar.

Ull frå sauen var ein av dei viktigaste fibrane som vart brukte til å veva åkle av. Sauen vart klipt, beste ulla sit på brystet og sidene på sauen. Ulla vart sortert og reinska, så måtte den kardast og spinnast. Det var ikkje uvanleg at kvinnene gjekk og spann på håndtein medan dei gjette buskapen. Ulike typar rokk vart laga til spinnearbeidet, då vart det lettare å bearbeida ulla til tråd som ein mellom anna kunne veva med. Garnet vart plantefarga., hei,efraga. Folk hadde god kjennskap til kva plantar som gav dei ulike fargane. Også tidspunktet for sanking av plantene som skulle brukast var viktig for å få den fargen ein ønskte. Nokre planter skulle brukast ferske medan andre måtte turkast. Ulike veksestader gav ulike fargenyansar. Det vart og farga ein del med mose og lav. Mønsteret på sognaåklea har stor motivrikdom. Kunnskap som gjekk i arv.

Krokbragd er eit bindemønster som blir veve på 3 til 8 skaft. Ein vev med innslagsrips, det vilsei at renninga ikkje viser.

Åkle frå Øygardane.jpg

Dette og det andre åkledet er frå Øygardane i Dalsdalen og me trur det er Anna K. Ødegård (1857-1939) som vov dei, ho var budeia om somrane. Ho miste mann og tre born i tuberkulose (Sjå Gjellene-Røneid).

Meir kunnskap om Åkle finn de i boka av Eva Ramstad, Sogn og Fjordane Husflidslag: Åkle i Sogn og Fjordane, frå seng til vegg.