JOL og andre festar på Lyster sanatorium i 1920-30 åra
Kristina (Stuppelshaug) Øygarden (1913-1995) voks opp på sanatoriet der faren Knut, var fyrbøtar og snikkar. Minne frå oppveksten på 1920-30-talet.
Joli var ei herleg tid for oss ungar med alle dei store joletrei som kom inn på huset. Dei to største 3 m høge, med elektriske store lyspærer, eit på kvar forsamlingssal. Det var festkomiteen av pasientar som pynta alle joletre, dei store på salen og alle dei små til dei rom der pasientar låg til sengs. Dei hadde krepp-papir på alle lampar og pynta så fint!
Overlegen las alltid jole-evangeliet kl 5 jolafta i den eine salen. Sanatoriet kjøpte jolegåver til alle og festkomiteen pakka inn og la under treet. Til og med me ungane fekk! Her fekk me leika kvar dag med pasientane så lenge joli varde. Det var aldri dans på pasientfestane.
I joli var det ogso tenarfest. Då var alle samla på tenarsalen og kasseraren delte ut ein konvolutt til kvar tilsett som inneheldt kr. 5.
Det vart servert fine smørbrød med sjokolade, og ved bordet les direktør Grundt eit underholdningsstykke. Det var mest alltid det same, nemleg «En odelsbonde» av Hans Aanerud,- so det kunne me tidleg utanåt! Etterpå var det alleslags konkuransar og juleleiker, til kaffi, kaker, frukt og neter kom på bordet.
Kvar tredje søndag kom presten opp og hadde gudsteneste på forsamlingssalen.
Då vart den omdanna til kyrkje med altar-ring (som var laus). Den fint utskårne speigelen fekk eit teppe med kors på over seg og vart til altartavle. Syster mi hadde lært å spela orgel av frk Bjørnholt på Kvitevollen. Ho vart nytta som organist til ho reiste ut på skule.
Det var mange festar gjennom året på sanatoriet. Dei står enno for meg som glitrande stjerner i barneminnet. Kanskje det kom av at der var så mange flinke folk som kunne så mykje.
Stundom hadde me tenarfest, men det var ikkje kvart år. Den var kalla «Kavalerfesten». Ein festkomite mellom tenarane sytte for at spreke gutar frå bygdi som var flinke dansarar, vart inviterte til kl 8 på tenarsalen.
Dette var helst etter 1923 so alle kom opp med bana og vart tekne imot og fylgde tilrettes av jentene. Inspektrisa helste på kvar einaste gjest og kontrollerte at alt var i orden, (utan lerke på lomma.). Maten var middag og kaffi. Det fekk dei, men jentene måtte sjølve syta for servering og reinhaldet av salen etterpå. Alt måtte vera i orden til frukost neste dag.
So gjekk dansen lystig til kl.1, til trekkspel og av og til ogso fela. Ofte hende det at dei unge doktarane stakk innom og tok seg ein svingom. Son til maskinisten (Julius Wågønæs), var ein flink trekkspelar. Han lærde ogso opp bror min, så desse to hjelptest åt med å spela til dans.
Syster mi og eg var med før me var konfirmerte. Den vinteren eg les for presten vart eg innprenta at eg ikkje måtte dansa. Likefullt var eg med på festen, skulle sitja i ei krå og berre høyra og sjå.
Var «sjuk» då eg høyrde trekkspelet,- føtene ville springa løpsk! Når to smilande doktarar kom inn og ville vera med, og den eine baud meg opp, gløymde eg alt og berre sveva avstad! Eg «framslengja», som var salig om eg fekk dansa med ei jenta, heldt på å dåna av lukka over å få ein slik kavaler. Nytta ikkje å stå imot, dansa gong på gong. Det betydde ingen ting at eg fekk skjenn då eg kom heim. Har aldri gløymt det.
Årsdagen for sanatoriet, den 2.nov.var ein årleg festdag med stort program. Alltid vart det slakta to griser. Middagen var svinesteik med surkål servert kl 7 i felles matsal på fint pynta langbord med kvite dukar.
Den dagen var me ungar svært så viljuge til henta mjelki kl 10, for her i mjelkekjellaren stod kjøkensjefen og to terner og pynta 25 bløtkaker til festen om kvelden. Og det var eit syn!
Familiane fekk henta gratis middag heim, kvar til seg med innbydelse til å møta på festen kl.8 om kvelden. Alt program var laga av pasientar med eigen festkomité for kvar gong. Her var mange flinke folk mellom pasientane. Kunstnarar, skodespelarar, sangerinner og pianistar/musikarar, for ikkje å snakka om vanlege, vituge folk. Tuberkulosen sparde ingen.
Dei øvde og streva i lang tid på førehand og gav alt dei hadde. Sketsjar og tablå, handskriven avis som heitte -Tyristikka- , der stod mykje rart! Som regel alltid eige sangkor, trekkspel og felemusikk.
Ein gong framførde dei spelstykke frå Bjørnsons - Arnljot Gelline - Foran Sydens kloster-, og dei flotte kulissene! Gløymer det aldri! Alt var sjølvlaga.
Eit år, då eg var 10-12 år skulle det vera Skotårsfest. Dei ville ha meg som Amors engel! Eg vart utstyrt med fin kjole og forgylte venger festa til ryggen på ein usynleg meis. Blomsterkrans i håret og forgylt boge med fire piler. Kvar av dei hadde eit handskrive brev festa på. So måtte eg gå mellom dei festduka bordi og skjota pilene på dei utvalde mennene. Dei måtte reisa seg og lesa brevi høgt!
So nervøs som eg var, som kom inn i den feststemde salen med mange langbord der alle var sessa, alle funksjonærane, doktarane + pasientar par om par, (dei som ville det). Heilt fullt!
Dei staute pene mennene som var utplukka for «skyting» var son til ein kjend forretningsmann i Bergen, ein fortryllande pianist Kristiansen, son til havnefogden i Bergen som var sint for han ikkje fekk rette borddama, og til sist ein stram styrmann frå utanriksfart (som alle damene var forgapte i.)
Verset eg skulle syngja då eg kom inn, før eg byrja å gå rundt å finna den kårne, var slik:
-Jeg er Amor sart og fin
har nu lenge gått for grin
-Jeg er mannens skrekk men kvinnens fryd og glede
-Og i kveld min spiss skal svi
mannens fred er nu forbi
alle kvinner nu seiershymnen kvede.
Ein annan årleg fest var Køge-festen, gjerne ved påske tider. Ein mann ved namn Køge som hadde fått att helsa si ved sanatoriet, sende som takk for det kvart einaste år alt tilbehør for ein fest for pasientar og betjening. Det kom tønner med druer, fiken og dadlar, neter, fiker og appelsiner- som visst varde heile året.
I 1927 var det 25 årjubileum med stor stas. Heile huset og området hadde stått på hovudet lang tid i førevegen. Alt skulle vera reint, pent og i orden alle stader. Inspektrisa fór som eit uvær og la peikefingen oppå alle lister og skåp. Nåde den som slurva i arbeidet! Men sanneleg trengde ho å gjera det og, for nett dette gjorde ein viss person av dei høge herrar ved inspeksjonen, som kom ein gong i året i den tid. So her var ingen slinger i valsen.