Husa på Husmannsplassen
Dette er bygningane i Hestaskårtunet.
Stovehuset
Samanbygd med fjøs- og låvebygningen. Bjelkar i stova med innriss 1802. Tømra i stova tyder på at det opphaveleg kan ha vore ei røykstove. Truleg ombygd og påbygd i fleire fasar. Dette kan vera det av dei siste døma på langhustradisjonen i denne regionen, ein byggetradisjon frå mellomalderen. Dette var eit ressurssparande måte å byggja på og ei form for energieffetivisering som er velkjend frå kystområda. Stova kan opphaveleg vore ei røykstove. Trapp opp tilloftet går i overgangen mellom stovehuset og løa.
Låve og fjøs
Kufjøs og smalahus er ”i kjellaren”. Uvisst byggjeår. Mykje gjenbruk av materialar, delar av løa kan ha vore materialar frå ei røykstove. Stall bygd like etter 1902. Påbygg til fjøs/løa.
Tobakkshus
Tobakkshus, bygd i perioden 1890 – 1930. Luster var Noreg sitt ”mekka” for tobakksdyrking frå slutten av 1800-talet til ca 1930. Det fyrste handfaste provet på tidleg tobakksavl i Luster er frå 1683 (Fylkesleksikon), og det finst dokumentasjon på at tobakk vart brukt som betalingsmiddel i Lustra-bygdene frå midten av 1600-talet og utover. Tobakksbyrkinga i denne perioden tok slutt kring 1700. Frå 1880 – 1920 var det storstila tobakksdyrking i Sogn Betre betaling enn for korn og poteter var utslaget. Av i alt 350 dekar tobakksareal i 1902 vart 287 dekar dyrka i gamle Luster.
Eldhus
Eldhus med eldhusloft. Eldhusloftet var tre-verkstad. Vart og brukt til dagleg opphold og soverom.
Stabbur
Stabbur, to rom , eit til saltmat og eit til tørrmat. Bygd fyrste halvdel av 1800-talet.
Nye løa
Nye løa m/grisahus i kjellar er bygd andre halvdel av 1800-talet.
Silo
Silo bygd på 1960-talet.