«Gamle Halvegen»
«Gamle Halvegen», Ole Jons. Halveg (1827-1906), har me høyrt om frå me var småe. Denne mystiske mannen hadde «sett» det store huset mellom Jagershaug og Hærishovden, der det gjekk kvitkledde folk ut og inn, og han hadde sett forfall, der småfe hoppa i glaskarmane.
«
Ole J. Halveg kom frå Halveg i Jostedalen og var gift med Siri (1830-1885) frå Einehaugen på Sørheim. Dei budde fyrste åri på plassen Halveg under Nedrelid i Jostedalen, men rundt 1859 kom dei til Luster. Her bygsla dei under Hæri og kalla staden opp etter heimplassen i Jostedalen. Dei fekk ni born, men fem døydde små.
Dei to eldste, John og Andreas, emigrerte til Amerika. John stifta familie og vart verande der (bygdeboka b.2 Hærum s.753).
Andreas kom heimatt og vart småbrukar i Lindalen (bygdeboka b.2 Skildheim s.829).
Yngste dottera tok over plassen etter foreldra.
Halvegen var spelemann og sikkert flittig brukt i ly og lag. I tillegg fekk han ord på seg for å sjå litt meir enn andre.
Den eine kjende soga seier at «Gamle Halvegen» var på hesteleiting i området rundt Harastølen. Ei anna sa han brende kol. Han kvilte ved den store steinen og dubba kanskje litt av ... Då SÅG han ei ovlag stor, kvit kyrkje der, og mange kvitkledde folk som gjekk ut og inn heile tida. Han såg også husdyr, sau og geit som hoppa ut og inn gjennom halvopne dørar og vindauge. Dette fortalde han til alle som ville høyra.
Då dampen kom med sokneprest Anders Halvorsen og familien, som nyepresten i Luster i 1894, stod gamle Halvegen på Døsjabryggja ilag med mange andre, slik folk gjorde når «det var damp».
Det var sikkert ekstra folksamt når det var ny prest ventande. Då presten steig i land seier Halvegen: -Dar kjemme han so ska preika i nye kjørkja -
Noko kyrkje var det ikkje, men Lyster sanatorium, det store kvite slottet, vart innvigd og teke i bruk i 1902. Sokneprest Halvorsen var ein av talarane på innvigingsfesten, og hadde gudstenester i forsamlingssalen omtrent kvar fjerde søndag. Ein tradisjon som heldt seg til og med psykiatriperioden.
Me kjenner historien om Harastølen, og då forfallet sette inn, var det rett nok sauer som kom seg inn der dørar og vindauge stod opne, - nett slik han såg det.
Pr. dags dato er forfallet stansa og Harastølen går ei ny tid i møte.
Tekst: Bjørg Hovland