Fyrste kursa i hagebruk i Sogn og Fjordane – Hærum gard i Luster

For mange er det lite kjent at det i åra 1898-1906 var ein hagebruksskule på garden Hærum i Luster. Skulen var eit direkte resultat av at Stortinget i 1895 løyvde midlar til korte hagebrukskurs kringom i bygdene. Det var landbruksselskapa som sette desse igang og tilskotet frå staten dekka halvparten av kostnaden.

Garden Hærum ligg i Luster, tidlegare Fladhammer skulekrins, og grensar mellom anna til Luster Sanatorium, Harastølen og til Lustrafjorden. Garden er nemnd i Skattematrikkelen frå 1647. Frå gammalt av hadde garden tilhøyrt Kruckow-ætti og i 1647 var det Ellen Marsvin som var eigar. Deretter fekk Corfitz Ulfeldt hand om eigedomen, han fall i unåde hjå Kongen som kverrsette og selde garden til dansken Christen Pedersen som så i 1663 skreiv ut skøyte til rådmannen i Bergen på heile Sørheimsgodset.

Erik Christenson Hærum, f. 1841, fekk i 1872 skøyte på farsgarden Hærum, i 1914 skøytte han garden vidare til sonen Kristen f. 1874.

Desse fyrste hagebrukskursa vart med andre ord haldne på ein gard med spanande historie.

Kristen Hærum hadde gått både på jordbruksskule og hagebruksskule.

Dei fyrste seks-vekers kursa i hagebruk vart skipa til på Hærum gard i 1898 med Kristen som lærar. Det var meininga at kvart kurs skulle vara i 6 veker, 4 om våren og 2 om hausten. Kursa skulle ha plass til 6 elevar. Hagebrukskurset på Hærum fekk stor søknad, til fyrste kurset kom det heile 29 søknadar. Difor vart det i 1900 vedteke å auka talet på elevplassar til 10 med utviding av kurslengda til 10 veker. Kursa på Hærum varde til i 1906 og det vart ialt halde 9 kurs med tilsaman 76 elevar.

Garden ligg i eit godt fruktstrøk. I frukthagen fann ein eplesortane Gravenstein, Fuhr, Filippa, James Grieve og Torstein og pæresortane Grev Moltke og Amandlis.

Elevane kom frå heile fylket. Ingeborg Lovise Hjartholm f. 16.12.1882 var ein av elevane på det eine hagebrukskurset i 1904. Ho var frå Indre Hjartholm i dåverande Brekke kommune. Barnebarnet hennar, Einar Søreide, har funne minneboka hennar der truleg alle på hagebrukskurset har skrive si helsing: Borghild Lien, Andrine Aarheim, Erik Aasebø, H. Vold, A. Wereide, Olav Fjøsne, Leif Lunde, Olav Seim, Rasmine Førde og Andres Lægreid. Også læraren, Kristen Hærum, har skrive i minneboka til eleven frå Ytre Sogn.

I 1908 vart hagebrukskursa flytta til Krokane ved Florø fordi fjordingane krov det, dei tykte kursa låg for langt unna og ville ha dei nærmare. Kursa i Krokane vart lagde ned i 1910. Men atter ein gong vart det Sogn som stod for opplæringa innan hagebruk då fylket, etter sterke krav frå Sogn Hagebrukslag i 1917 starta Sogn jord- og hagebruksskule i Aurland.

Kjelder:

Einar Søreide, foto, minnebok og informasjon om bestemora

Sogn og Fjordane landbruksselskap 1857-1957, s. 290 forfattar Jens Lunde.

Det norske næringsliv, Sogn og Fjordane fylkesleksikon, Bergen 1953.

Luster Gards- og ættesoge band 2 Dale 1 sokn.

Tekst: R.A.Leirmo

Ingeborg Lovise Hjartholm sit som nr. 1 frå venstre i fremste rada. Rasmine Pedersdotter Førde ( 1871-1955) sit attmed henne. Rasmine overtok seinare farsgarden i Førde i Ålfoten, ho planta frukttre, busker og blomar i hagen der. Etter at ho gifte seg tok ho etternamnet Løken. Ole L. Skaari (1864-1950) har skyggehue og står i midten bak. Bakom karen med topplue står Olav Fjøsne (1878-1953)

Kristen E.Hærum (1874-1940) og kona Johanna f. Skildheim(1886-1968).jpeg

Kristen Hærum 1874-1940 og kona Johanna f. Skildheim 1886-1968.

Kristen Hærum sit i midten, det ligg grønsaker framføre bordet og foredla grønsaker oppå. Midtrekkja frå v.: nr 2 Kari Samuelsd. Talle, nr. 5 med m kvitt kast over skuldrane er truleg fru Sandved, presteenka som også heldt husstellkurs. Nr. 6 Kristen Hærum, nr.8 Ingeborg T. Dalsøren (Drægni) nr. 11 Johanna Andersd. Berge. 

I fremste rekkje sit frå v.: nr.2 Kirstina M. Fjøsne, nr.4 Sofia J. Landmark(Poulsen), nr. 6 Kari M. Bringe(Fjøsne).

Bakerste rekkje: Usikkert, men nr 4 frå v. KAN vera ei av systrene til Kari S. Talle. Nr.6 KAN vera Gjertrud, mor til Kleivajentene på Saue/Søvde, (ho var syster til Kristen Hærum). Nr. 9 KAN vera Guro Næss (Talle), kona til fotograf Otto Talle.