Familien i Hestaskårane
Folki i Hestaskårane var så blie og hadde noko godt med seg. Dei lo og skøya med både seg sjølv og andre. Dei var gjestfrie, trottige og sjølvhjelpne på alle vis, og heldt seg heime i hus og tun når det ikkje var leigearbeid.
Johans
Jahans voks opp på ein husmannsplass i Kjempeneset under Kvåle.
Dei var folk som greidde seg godt. Han og faren, Nils, kjøpte den gamle husmannsplassen, Hestaskår, av "Helt`n", (Heltne), alt i 1902. Såleis vart Jahans tidleg sjølveigar, ein av dei aller fyrste i Dale-sokni.
Det er sagt at dei mange planmurane i bakkane og slåttemarka ovanfor husi, er mura opp av Jahans. Han hadde ”ei høg stjerne” hjå bonden på Flikki, Ingeborg Flikki og systera Kirstina. Dei hadde både hest og fast dreng, han Lars Vedvik frå Eikjastrondi. Men i onnene og når noko ekstra skulle til, vart Hestaskåren bodsend, og den vesle svarte buhunden fylgde han alltid.
Luster gamleheim hadde fjøs og åker, slåttemark og hage like inntil gamle Dale skule. Dette skulle stellast, og det var Hestaskåren med Blakka som årvisst tømde utedoen til Dale skule og gjødsla gamleheimshagen og åkeren før han pløvde.
Anna Martinusdotter
Anna Martinusdotter,(1871-1962) i Hestaskårane, hadde mor si Anna frå plassen Jensabakken på Saue (Søvde), Stova stod ikkje langt frå husi på bruk nr 1. Far hennar var fargaren, Martinus Madsen. (Han var fødd i Førde men mor hans kom frå Lauvhjellene i Luster.)
Han tok over stampa og fargeri etter syskenbarnet sitt på Myrane, ovanfor Hæris-nausti. Husi der vart revne på 1950-talet, og berre murane står att. Begge desse ”fargarane” var av dei driftige haugianarane.
Fargaren Martinus Madsen
Fargaren Martinus Madsen bygde det raude sveitserhuset og uthuset ved den kommunale badeplassen (51/3 der Vegard Gjerde bur idag).
Då ”fargaren” døydde i 1946, passa fosterdotter hans, Emma Stokkenes, på at Anna i Hestaskårane fekk farsarven sin.
Det ser ut til at Anna Hesteskår har vakse opp og kanskje vore fosterdotter hjå moster si Kristi og mostermannen Kristian S. Fjøsne på Jervaneset på Fjøsnane.
Dei var barnlause og hadde sikkert både hjelp og hygge av jenta. Mor hennar måtte vel i teneste og kunne ikkje alltid ha henne med seg.
Anna og Jahans gifte seg i 1895, og same året er Kristina fødd. Fyrste åri budde dei i Kjempeneset der far og bror til Jahans i nokre år brukte to av dei tre husmannsplassane. Dei to eldste brørne til Jahans var farne til Amerika, medan den yngste, Andreas, var fødd med det dei kalla pukkelrygg.
I 1902 kjøpte Jahans og faren Nils bruket i Hestaskårane og familien flytte dit.
Då vegen mellom Kvåle og Skjolden skulle byggast, måtte stovene i Kjempeneset vekk. Gjenbruk av materialar kan sporast i Hestaskårane.
Andreas, (også kalla ”Krylen”), fekk då bu på Kvåle hjå «tobakksdyrkaren»Ingvald Martinussen, der han gjorde førefallande arbeid. Han kunne syna dørhella til stova deira, som vart lagd i vegmuren opp til nyevegen i Kjempeneset.
Anna og Jahans i Hestaskårane fekk tre born.
Kristina
Kristina, var sju år då dei flytte frå Kjempeneset til Hestaskårane. Ho var eit snilt og stille menneske.
Ho gifta seg med Kristen Rebni frå Fortun, og dei fyrste åra som ektefolk budde dei i Hestaskårane hjå foreldra hennar. Mange parfolk starta samlivet med å bu hjå foreldra, antan dei hadde felles hushald eller at dei fekk rom på loftet. Slik også med Kristina og Kristen. Loftsrommet i stovehuset har kokeomn, noko som også tyder på at der vart matstelt.
Dei hadde fem born då dei i 1926, kjøpte plassen i Langeteigen og fekk eigen heim, men alt i 1938 vart Kristina enkje. Ungane hennar var mykje i Hestaskårane og hjelpte til med alle slag arbeid.
Broren Nils
Broren Nils, f. 1903, styrde heimebruket i Hestaskårane og var i mange år dreng på Heltnane. Ein storvoksen og triveleg mann med stillferdig og treffande, lun humor. Kanskje den einaste gongen at Nils ”skeia ut”, var då han etter juledram i Bruabakken hjå ”Paulen” gjekk rundt juletre med broddar så golvflisane spratt!
Yngste broren Alfred
Yngste broren Alfred, vart berre tjue år, men han rakk to vintrar med Asheim på sløydskulen og hadde snikkarverkstad på eldhusloftet, eit av husi i Hestaskårane. Dei to armstolane som står att i stova er arbeid frå snikkarskulen, eit typisk ” Asheim sløyd-produkt”.
Johannes
Eldste son til Kristina og Kristen, Johannes, som dei gjerne kalla ”guten”, vart buande i Hestaskårane med besteforeldra og morbroren. Han stelte og arbeidde der med hjelp av broren Alfred og systrene sine, og vart såleis den siste fastbuande. Han flytte på aldersheimen der han døydde i 1995.
Les heile artikkelen i Lokalhistorisk årbok for Luster nr.7, 2016.