Frå Stilebok for Steinar Eide, Framhaldskulen 1916.
Ein kyrkje-sundag.
Vart ho ferdig, tru ? Me skulde vera tidleg aat, so me ikkje kom for seint til kyrkja. No hadde eg venta eit korter, nei, dette gjekk ikkje. Eg svinta burt i døri, og sa fraa at no reiste eg, vilde ho vera med fekk ho koma. Jau, no leid det. Etter endaa ein gong og sett yver brillorna, salmeboki, lommekluten og at alt det andre ho trong, var med kom ho mor, og me køyrde av garde. Det var mange paa kyrkjeveg i dag, baade køyrande og gaa-ande. Ja, nokre skreidde endaa, for isen paa vatnet var spegelblankt, upp etter elvi gjekk det til og med an aa kreka seg fram. Det var vent aa køyra ein dag som denne. Skog og mark sov fredeleg under den kvite snjokappa si. Mest ved alle hus var det eit joleband og ein sporveflokk aa sjaa.
Daa me var framkomne batt eg hesten, breidde aakledet yver han og gav han høy. Me gjekk inn i kyrkja. Det var mykje folk innkomne og ein og annan slong det endaa ei stund frametter. Men nokon prest var det ikkje aa sjaa. Det varde og det rakk, folk tok til aa verta urolege, klokka var tolv, og presten var ikkje komen. Ein mann stod upp og sa at me fekk venta ein halv-time til, var ikkje presten komen daa, maatte eitkvart vera ivegen. Ein og annan gjekk heimatt, dei var leide vortne, som ventande var. Kyrkjetenaren, som hadde vore uppi taarnet paa utkik, kom og melde at presten kom nedi Hagane. Klokka halv eitt, ein time etter tida, byrja presten arbeidet sitt. Han preikte noko um misjon og avholdssak og slikt noko. At det var joledag kom han visst ikkje ihug, han tala no slett ikkje um det. Det vart kaldt inni kyrkja. Kyrkjetenaren brukte maal naar det galdt omnsfyring. Han kasta inni nokre kolskuffer den tid preika skulde ha byrja, dermed meinte han aa hava gjort si plikt, anten det var heitt eller kaldt kom ikkje han ved.
Endeleg var presten ferdig. Eg sette hesten fyre, og køyrde heimatt det snaraste eg vann. At eg hadde stor nytte av kyrkjeferdi den gongen, nei, det er knapt um eg trur. Eg hev ikkje radt vore i laakare stemning enn den dagen. Men det bestna snart. Daa eg kom inn i stova var jole-middagen paa bordet komen. Eg svalde ned dei beiske minni fraa kyrkjeferdi med fleske-ribba og anna godt.
Nokre dagar seinare fekk eg vita grunnen til at presten kom so seint. Ein mann fraa Luster hadde vore inni Skjolden og kaupt inn til jol. Millom anna hadde han eit pund fersk fisk. Paa heimvegen køyrde han burt det meste av fisken. Daa presten fekk sjaa all den gode fisken var han ikkje god til aa halda seg, han laut taka han upp, tykte han. Han hadde ikkje fenge seg jolefisk i aar, so me kan tenkja det vart gleda i prestegarden daa han kom heim med fiskehonki um kvelden.