Driftekarar

Kristian Heltne (1850 – 1939) og Paul Helgesen Flikki (1826 –1912) i Luster var velkjende driftekarar/fehandlarar. Paul Flikki skulle vera mannen som selde merra som vart kjend frå diktet ”Lenda frå Land” av Aasmund Olavsson Vinje (1818 – 1870).

Kristian Heltne med ein av dei flotte hestane sine.

Kristian Heltne med ein av dei flotte hestane sine.

Kristian Heltne låg sommaren 1868 på Eidsbugarden med buskapen. Her vart han kjend med  Aasmund Olavson Vinje og dei vart venner. Heltne var ein lettliva kar og flink til å laga mat.  Heltne vart invitert til å flytta inn i den trivelege hytta til Vinje. Vinje var særs glad i den gode mjølkevellingen som Heltne laga. Mjølet var male på heimekverna på Heltnagarden, nabogarden til Dale kyrkje.

Sonen til Paul Helgeson Flikki, Hans Paulson Flikki (1859 – 1940) var og driftekar/fehadlar og mykje saman med Kristian Heltne.

Ei teljing frå 1881 fortel at Luster hadde 24 fehandlarar.

Fehandlarane tinga dyr til driftene sine tidleg om våren, driftinga starta vanlegvis i mai/juni, driftene låg så i fjellet til det var på tide å omsetja dyra, i august/september.

Driftekarane hadde hevdvunnen rett til fritt å føra dyra over annan manns eigedom, så sant dei ikkje gjorde skade.

Å vera driftekar kunne vera eit hardt liv, både røvarar og dårleg vær. Somme drakk og selte vekk fortenesta, men det gjekk bra for dei fleste og gav god innkomme. Flotte naturopplevingar og spanande handel var nok og ei drivkraft.

Fehandlar Hans P Flikki (1859 – 1940) med kona Karen Monsina Bringebøen (1881-1958) og dei 4 eldste borna. Johanna,, Paul Harald, Laura  og Anna Kristina.

Fehandlar Hans P Flikki (1859 – 1940) med kona Karen Monsina Bringebøen (1881-1958) og dei 4 eldste borna. Johanna,, Paul Harald, Laura  og Anna Kristina.

For austlandsbonden lønte det seg å få hestar og fe over fjellet frå Vestlandet i staden for å ala dei opp sjølve. Klima på Vestlandet gjorde til at dei her kunne ha større bølingar. Vintrane var kortare, meir nedbør og betre beite og gras, slik kunne vestlandsbonden få overskot på dyr. Gode sommarbeite i høgfjellet der driftene kunne beita heile sommaren var viktig for den lange transporten til Austlander der krøtera skulle seljast. Auken i vekta til dyra gav forteneste til fehandlaren. Om sommaren leigde dei gjetarar som ysta ost og kjerna smør som kunne seljast austpå. Fehandlaren var om sommaren heime og onna og gjorde anna gardsarbeid før dei utpå hausten atter drog til sommarbeitet og samla dyra for vidare transport.

På Austlandet trong dei hestar til skogsdrift, store mengde slaktefe og mjølkekyr til storgardane.

Ofte gjorde fekarane god handel og hadde tjukk lommabok med seg heimatt. Det vart fortalt om to fekarar frå Luster som hadde sin eigen måte å fortelja om fortenesta si på. På den tida brukte dei strikkalue ”Clauhua” med fleire kvite striper rundt på oppslaget. Når dei ein preikesøndag kom til kyrkje slo dei opp på oppslaget ei kvit stripe for kvart hundre dalar dei hadde tent det året.

image.jpg

Anders Ohnstad skriv i Bygd og by i Noreg at skjemtegaukane sa at ein driftekar er ein mann som er skeiv eller låghalt fordi han stadig ber på ei tjukk, tung setlabok. Andre meinte at det var eit statussymbol å ha ein stor kul der setlaboka låg og la difor gamle brev, til og med potetkaker i setlaboka.

Når driftekarane overnatta la dei som regel setlaboka under hovedputa, mangla det nøkkel i døra sette dei ein stolrygg under dørklinka slik at dei kunne høyra viss nokon kom inn i rommet.

Dei gamle drift/ferdselsvegene er godt dokumenterte bl.a. i Sogn og Fjordane sin prosjektrapport 2003 Gamle Ferdselsvegar og Tilrettelegging for Friluftsliv.

Driftekar Paul Helgeson Flikki med kone.

Meir om Kristian Heltne kan ein lesa i nettavisa Sogn og Fjordane av 21. desember 1990: I fotefar til A.O.Vinje kring Tyin- og Bygdin-traktene av Sverre Aas.

Sjå og Luster Lokalhistorisk årbokunder Tankespinn kring ein namneduk av Bjørg Hovland, der ho bl.a. siterer frå Bergens Aftenblad1933 sin artikkel og intervju med Kristian Heltne.

 Lenda frå Land av Aasmund Olavsson Vinje (1818 – 1870)

1.Sjå no skal du høyra om Lenda frå Land,
og om hennar fagraste folen,
so sant som eg segjer, av soga er sann
kvar einaste mutten og molen.

2.Ho Lenda med son sin til beites vart send,
til fjells frå det skogute traset.
Og godt ho der uppe kring sætrom var kjend
og fann seg det finaste graset.

3.Men Lenda ho visste at turrare var
kvar blomen der nede på hjellom,
so lenger og lenger med henne det bar
der upp mot dei fælande fjellom.

4.I slagregn på flotter og flære og fly
når drivskodd i krullar og ringa
då stod ho med veret for son sin til ly
og vermde han med halsen og bringa.

5.So kom ho til Bygdin so for ho mot vest
der breen til høgre seg krinsar.
Og der kan du tru det er beite for hest
med graset so feitt at det glinsar.

6.Med folen ho for og på vollar ho låg,
og fælande feitna den fyrkja.
Og upp ifrå bakken mot bergi ho såg
til tindar som tårnet på kyrkja.

7.Frå lier ho for der ho beitte som best
kven veit kva ho hadde i hausen,
ho stemnde av stad og so kom ho der vest
der sinn under Galdaberg knausen.

8.Men ulukka var ho til høgre ei tok
der framme på strandi ved hekken,
for upp over berget legg vegen ein krok
og soleis hos sat som i sekken.

9.Den kvelven er fin og slik lygne for vind
og det er vei beite kan hende,
men fjellet og fjorden dei stengjer det inn
so vegen er berre att ende.

10.Ho beite i bakken men fann so til sist
at graset tok der til å enda,
so sto ho og sturde, det er galskap men visst
at hesten han aldri kan venda.

11.Ho sto der og tenkte og såg seg ikring
so steig ho til svåms burt i bylgja,
og folen flaug etter det er skrøpelige ting
du veit at han mor sin laut fylgja.

12.Ho svam so det fossa for hestar er slik
han vatn ikke vyr eller vandar,
men midt burt i berget der ligg der ei vik
og der ho med folen sin landar.

13.I vatnet var kaldt denne stubben ho svam
og svidde i holdet det gjorde,
tilbake ho kan kje og lengre fram
det var som ho heller ei torde.

14.Dei åt der so lenge der fanst att eit strå,
og svart dei ikringom seg snøydde.
Men folen var barnet og svolten drog på
so der ifrå mor si han døydde.

15.Å kvila på vegen gjev styrke i bein
og kann du so bør du det gjera,
men standa i fåren som hoggen i stein
det er fulla rådlaus å vera.

16.So kom det ein båt i den djupaste naud
og svint inn i svingen seg smurde,
so frelste dei Lenda som nær på var daud
og stod over son sin og sturde.

17.Det er som du sjølbv kan som Lenda bli stur
når dette du dreg deg til minnes.
Men er det kje grovt med den hestenatur
som solens skal vera til sinners.

18.Han stend til han stuvande svelter ihjel
og vantar på vit til å venda,
og det er so sant som eg dette fortel
at titt det i fjellom kan henda.

19'Han gjenge seg fast og han aldri ka nsnu
og motgang hans tankar ei mognar.
Han skifter ei mening som folk skulde tru
han brester men aldri han bognar.

20.Slik sjeldan er geita, det veit eg so plent
ho er liksom vittig og bråtenkt.
Og åndfull so tidt ho er inkonsekvent
og snur når ho ser det er fåfengt.

Tekst av Ragna Aud Leirmo