Det var ein gong ein heim

Av Bjørg Hovland

Hus og tun er borte frå landskapet, delvis eller heilt, overgrodd eller rydda vekk. Kanskje står der ein husmur eller fleire i utkanten av slåttemark, - eit lite hus som har sige saman, noko som fortel at her har det stått ei stove, ein heim med ein liten «-åkerlapp du snautt nok ansar-».

Den gav liv og livd til små og store. Men ingen kom etter den siste...ingen budde her meir.

Bygdebøkene har mange døme og mange namn. Kart bakerst i bygdebøkene for Luster syner mange teikn der det har vore buplass.

Det var vanleg at dei «skreiv seg for» namnet på garden der dei bygsla, men i dagleg tale hadde dei oftast eit anna tilnamn eller stadnamn.

I staden for berre eit teikn på kartet, eit namn i boka, - er det fint å ha eit ansikt, eit bilete av menneske som har levd nettopp her, i det fråflytte huset – den utviska heimen.

«Tor i Helagóta»

Ein av desse buplassane var den som i bygdeboka er nemnd som Helagóta 2 under Dalsøren, mrk.med Fig.11 dd. På kart i band 2 - Dale sokn 1.

Thor Johss. Leirmo - Dalsøren – til dagleg kalla «Thor i Helagóta»(1859-1951)

Ved den store utskiftinga i bygdi i 1860 åra vart mange stover flytte med både «mann og mus». Det må ha vore ei vanskeleg tid på meir enn ein måte.

Denne stova vart flytt frå Bringebakkane og inn her ved vegen til Dalsdalen av Johannes M. Dalsøren og andre kona hans Christi som var frå Sage. Om familien står å lesa i b.2. Av barneflokken på 13 var tre spedalske. Johans og kona Christi, mor hennar og dei tre yngste, flytte med huset inn i Helagóta. Den yngste dottera til Christi, Johanna, vart gift med Thor Johs.s. Leirmo frå Steinkjelen under Rønneid, som heretter er kalla Thor i Helagóta, f.1859. Dette var ei liti stove som husmannsstover flest, og var ein plass utan serleg jord, d.v.s at han hadde ein liten åker. Thor var det ein kalla inderst og dagarbeidar. Mellom anna rodde han bakarvarer frå Høyheimsviki inn til Sva-bui for 25 øre pr. tur.

«Han Thor, han Thor, han likka og ror, naor kjeringad´n elda dao ror han Thor....»- hermde ungane.

Thor i Helagóta hadde så vondt for å gå, han brukte to stokkar. Men attåt å ro bakarvarer, drog han belgen i Dale kyrkja (orgel må ha luft for å få lyd), og han hogg ved for folk. Dette var arbeid han kunne gjera utan å bruka føtene for mykje

Foto 1. Biletet syner Kvålsbrui og hus omkring. Skulen er bygd men husmannsstovene står. Truleg like etter 1900. Det vesle ljose huset med åkeren er Helagóta 2, heimen hans Thor, mrk. med blå prikk.

Foto 2. Thor høgg ved i prestegarden i lag med Ragnvald, eine son til presten Widerø. Fotograf S. Brathole.

Thor og Johanna fekk fire born, men Johanna døydde då ungane var små, 11, 9, 7, og 2 år. Det var ikkje greitt for han Thor å bli åleine med ansvaret. Den eldste, Gunhild reiste til by´n og tok teneste så snøgt ho kunne. Berthin vart plassert på barneheimen på Leikanger, Anna Johanna voks opp i Lindalen (br.nr. 6 under Skildheim). Mange vil hugsa Anna i Lindalen frå gamleheimen i Luster. Dit kom ho tidleg som delvis hushjelp, og vart der heile sitt liv. Ho fekk ein son som også voks opp i Lindalen hjå fosterforeldra Andreas og Marta .To åringen, Kirstina, fekk koma til Hans på Turrhaugane og kona Johanna. (Hans Hansson Dalsøren 1869-1960) Hans var bedemann og ein mykje respektert mann i bygdi. Her voks Kirstina opp i ein god heim. Ho tente på Luster sanatorium i ungdomen og er på mange bilete derifrå. Ho vart gift Aaretun på Lærdal men har ingen etterkomarar. Då Luster gamleheim sto ferdig i 1932 var Thor i Helagóta av dei fyrste som fekk plass. Det må ha vore ei stor lukke å få mat og stell i eit nytt stort hus. Her budde han til han døydde sommaren 1951, 92 år gamal. Stova som han og familien hadde budd i vart riven «-og jorda gjekk attende til garden»- som det heiter i mange slike tilfelle.

Foto 3 . Sanatoriet 17. mai 1928 frå v.: Kirstina Dalsøren (Haugane), Emma Offerdal (Eide) Kristina Stuppelshaug (Øygarden).

Foto 4. Fyrste pensjonærane på nye Luster gamleheim 1932Bak frå v.: Fyrste styrarinna Margit Oklevik, tenstejente Kirsti Bringe med katten, Thor i Helagóta, ei av dei to kvinnene er Kaia Høyum. Dei to framme til h. er «Hans-Dølen» Hans S. Kvalsøren med hatt i midten og «Rapp-Erik» -Erik Høyum t.h. Budde i Rappa-tunet. («Rapp» kjem vel av arbeid med å kalka/rappa mur t.d.på peisar og piper?-eller?)