Dagleg-liv

Tekst: Kristina (Stuppelshaug) Øygarden, tilrettelagt av Bjørg G. Hovland

Som før skrive arbeidde pasientane ute i frisk luft og dei fekk opplæring i reinsemd og hygiene.

Ingen tenkte visst serleg over smittefaren for oss ungane. Aldri vart det teke pirképrøve og ikkje vart me nekta samvær med pasientane korkje ute eller inne.

Gjennom alle år hadde me våre beste vener mellom dei, og kjende mesteparten av dei oppegåande ved namn, både menn og kvinner. Me spelte krokkert med dei m.a.

Når det gjekk farang i bygdi, slikt som kusma, kregda og liknande fekk nesten ingen reisa ned for å unngå å dra med seg smitte til pasientane. Ein fæl periode var det i 1918-19 då spanskesykja herja. Kjøkensjef var då Inga Mo(Nitter Walaker). Ho fortalde at det var beordra frå staten ei halve flaska cognac til kvar mann, ei skei pr.dag. Ho nekta å ta imot,(Far hennar, lærar og klokkar Hans Mo skipa avholdslag i Luster). I staden hadde ho ei tjøregryte ståande varm på omnen, der alle måtte titt og ofte gå forbi og stå over gryta for å dra godt inn til lungene eimen av tjøra.

Ingen av kjøkenpersonalet vart sjuke, ikkje hos oss heller, men mange pasientar døydde. Ho fortalde at ein dag var det 12 dødsfall.

Sjølvsagt var me ofte sjuke me og. Eg minnest me låg sjuke og hadde tre senger i den vesle stova vår, så me fekk nok smitten i oss tidleg.

Det var kanskje slik som dr. Folkestad sa at «- det kom ikke lenger enn til kjertlene». Dette var i 1918 og me kom oss no til att.

Pasientrom kvinneavd.

Behandlingsmetoden var då snudd på,- pasientane skulle «kura»,- liggja nedbreidde i teppe ute i frisk luft både formiddag og ettermiddag.

Det var to ringeklokker på huset. Ei elektrisk på nedsida der ein trykte på ein knapp på kjøken når pasientane skulle opp av kuren til middag kl 12.45. og kl.15.45 til kaffi.

Matklokka på øvste sida trekte ein i snori på kl. 10. Dei som då var ute og «spaserte», skulle inn å ha varm havresuppe før dei gjekk i kur.

Like eins ringde dei kl 20.30 om kvelden vinterstid. Dei som då var ute etter kveldsmaten måtte inn til varm havresuppe før dei la seg. Om sommaren var fristen kl. 21.

Me ungar fylgde med på alt. Me hadde ofte eit tunt snøre mellom oss når det kom eit forelska par etter vegen som me ringa inne, eller me hadde snøballkrig med dei. Mange var det som fann kvarandre der oppe og me spionerte. Når pasientane gjekk tur par om par kalla dei det «peiling»-, - skal ut å «peila» sa dei.

Dei hadde visst egentleg ikkje lov til å skreia på kjelke, men sat likevel stundom på med oss ned til fyrste sving, når det var fint vær og føre.

Kur-hallane var lange med tak over, og halv vegg framme så dei låg og såg utover landskapet. Her korta dei tida med lesing og handarbeid. Det var inndelte i «båsar», og avdelt for kvinner og for menn. Desse fekk namn som -Røvarborgi- Jammerdalen – Grisebingen - Anarkiet-. Og på

kvinnesida – Barnekammeret – Smykkeskrinet – og Paradiset- o.fl.

På manns-sida mot vest, var t.d.ein som heitte «Ku-torget» og her var måla ei fager ku på veggen, men so kom ein som var flink å teikna og laga sjølvaste Kjøken-Ola med bøtta som leidde kua,- aldeles klorlikt!

Når dei kom i kuren for fyrste gong hadde dei som var der før, skikken med å døypa den nye, og dei fekk «namn». Ikkje alle ville vera med på det.

Men då gjorde dei som var der før, namnebyte og spetakkel for moro. Bra friske pasientar fann alltid på at dei skulle ha eit ekstra kjelenamn og «dåpen» gjekk for seg på ymse måtar:

«Nu døpes skal den gamle gubben

så han ei lider noget savn,

for skal han blive fri for «Tubben»

så må han ha et sabla navn!»

Det var namn som: Gjøken – Reven – Kjettingen – Sofus – Ullteppet – Kråka - Prelaten- o.l.

17.mai-toget gjekk alltid to gonger rundt huset med musikken i spissen, som dei fyrste åri var både skramleorkester, trekkspel og fele, alt etter som folk hadde og kunne.

Ofte køyrde dei i sanatoriet sin «cherabank»(kjerre?) - med to hestar. Frå 1928 spelte Luster musikklag.

So kom flagget med direktøren og frua og alle funksjonærane med huslydar. Deretter Betania-søstrene med si fana der det stod -Kjemp for livet-.

Etter dei ei lang, lang rekkje. Det morosame var at til 17.mai laga pasientane fint måla faner der kvar stillte under sin «kur-bås» med namn. Eg hugsar m.a.: «Røvarborgi», «Jammerdalen», «Paradis», «Borgen» og «Anarkiet» m.m.

På damesida var det namn som «Barnekammeret», «Klosteret», «Smykkeskrinet» og «Paradiset»:

Ingen hadde vel finare 17.mai enn me deroppe!

Etter toget var det tale for dagen av direktøren. So middag og kvil.

Kl.4 tevlingar og leik på krokkertplassen. Her låg også ei lang granstong, tunn i toppen, som ein skulle balansera på fram og attende utan å detta ned. Det var egge-løp og anna. Me ungane fekk vera med på festen om kvelden med premieutdeling. I den tidi trur eg me kjende kvar einaste oppegåande pasient. Visste kvar dei var ifrå- over heile landet, og kunne snakka alle slags dialektar frå nord til sør.