BUDEIEPRISEN

til Jørgina Sage og Søvrina Åsen i 1954

Jørgina sage og Arvid Vigdal i Dalsdalen

Jørgina sage og Arvid Vigdal i Dalsdalen

I Luster vart to grepa budeier heidra med Landbruksselskapet sin diplom med premie for truge arbeid som budeier sommar og vinter i over 25 år.

JØRGINA SAGE (1908 – 1990) var fødd på Sage i Luster. Ho måtte tidleg ut og tena og valde budeieyrket. Ho tente hos fleire, men var helst lenge på kvar stad. Dei som hadde ho i tenesta var lite lystne på at ho skulle slutta. Då ho fekk budeieprisen hadde ho vore i mange år hos Melkior Skaar.

Når budeieprisen skulle utdelast laga Melkior til fest for budeia si, han inviterte slekt og vener til festen og nasjonalkosten mølsa kom på bordet. Steminga vart høg, dette var fest ! Jordstyreformannen overrekte Jørgina premien og diplomen til å hengja på veggen. Jørgina vart oppmoda om å halda fram i budeieyrket i nye 25 år.

Sigurd Fjøsne heldt tale og takka for at Jørgina alltid var i godt humør når han kom og skulle kjøpa mjølk og ymse når han var på hytta.

Søndagen etter heldt Øystein Alme fest for budeia si, SØVRINA ÅSEN (1906 – 1985) frå Jostedalen. Søvrina kom tidleg til Luster. Van som ho var med geiter heimanfrå som geitebudeie frå 15-års alderen var det mange som ville ha tak i ho til geitebudeie. Då ho fekk budeieprisen hadde ho vore budeie hos Øystein Alme frå 1943.

Slekt og vener var inviterte og ved middagsbordet vart heidersteikna overrekte av jordstyreformannen med nokre velmeinte ord og takk for trufast arbeid på same staden i 11 år. Sigurd Fjøsne takka Søvrina for at det var så hugnadsamt å komma på stølen når ho var budeie, då ho alltid var så blid.

Sigurd Fjøsne hadde skrive ei budeievise for høvet til båe dei heidra budeiene. Festlyden stemde i.

Jørgina Sage i Alsmo-selet på Hornane

Jørgina Sage i Alsmo-selet på Hornane

Tone : I fjor gjett eg geita.

Ei budeievisa me gjerne vil kveda,

For no er me samla til høgtid og gleda

Alt arbeid og strev

I vårt daglege yrke

Gjev framtak og livsmot

Og helsa og styrke.


Dei båe budeier har kunsten og laget,

No har dei fått premi i budeiefaget

Dei valde i livet å stella med dyri

Å stella med geiti og kalven og kyri


So gjeng dei all dagen i fjøset og løa

Og deler til buskapen året si grøda

Dei stundar mot vår,

Både kui og smalen

Då finn dei det feitaste graset i Dalen


So ber det til Hodna

Med alle tilsaman

Då fyrst vert det retteleg

Hugnad og gaman

Dei ser imot heidi der buskapen vankar

Og fylgjer dei alle med kjærlege tankar


Dei lokkar ved kveld so det ljomar i fjellet,

Og buskapen kjem ifrå beite i hellet.

Dei kjenner budeia på laget og lokken,

Og ho som ber bjølla gjeng føre i flokken.


I dag er budeia den gjevaste gjesten,

For sylv og diplom kjem frå fylket til festen.

Med takk for alt strevet i heim og i fjellet

Me ynskjer til lukke med budeiestellet.

Søvrina Aasen og ektemannnen Magnus Alme  på besøk til syster si i Fossøyane i Jostedalen. Frå venstre: Kari Fossen, Søvrina og Magnus Alme og Melchior Fossen.

Søvrina Aasen og ektemannnen Magnus Alme på besøk til syster si i Fossøyane i Jostedalen. Frå venstre: Kari Fossen, Søvrina og Magnus Alme og Melchior Fossen.