Frå Stilebok for Steinar Eide, Framhaldskulen 1916
Ein tur paa linebaaten.
Endeleg ringde linebaatsklokka, linorne vart løyste og baaten tok til aa rugga so smaatt. Daa høyrdest hujing oppe i vegen, straks etter kom tri mann springande, dei vilde vera med, dei og, saag det ut til. Baaten vart hala innaat att, dei kom umbord og baaten tok til aa gaa att. Eg saag på klokka, ho var mest seks, seks timar for sein, altso. Eg kom til Myrdal klokka aatte kvelden fyrr, baaten skulde gaa fraa Flaam klokka tolv, eg hadde soleis berre fire timar til aa gaa Flaamsdalen paa, og det er gonga hard nok for eg hadde ein tung handkoffert aa bera.
Eg gjekk inn på bondestova, vilde freista sova lite, mest alle ferdafolk laag og sov. Det som fyrst fall meg i augo var fire-fem kvinnor og ein heil hurv med ungar som hadde lagra seg i ein binge straks innom døri. Ein av ungane var vaken, han laag no og riksa etter papa og stova heime. Paa andre sida laag tvo unge gjentor. Den eine hadde vinstre armen i fatla. Den andre hadde eldraudt haar, mange ringar paa fingrane og um halsen ei lekkja med gule steinar i. På ein krok over køya hekk hovudbunaden hennar, enten det var hatt eller huva – ja, det kan n eg ikkje svara paa. Den saag mest ut som eit vannskapt skjorereir. Lenger framme i baaten laag tvo-tri gutar fullt paakledde. Ein av deim som kom umbord i Flaam sat og løyste upp skoreimane sine. Han helsa paa meg, eg kjende han no att, han hadde tent inni Skjolden eingong. Han kom fraa Odda, hadde arbeidt på karbid-fabrikken, men skulde no heimatt til slaatten. Fylgjesveinane hans kom og fraa Odda, dei skulde berre heim ein snartur. Paa andre sida av baaten laag ein mann i fyrtiaarsalderen. Han hadde blaae vadmaals klær, kvit vesterygg , blaae og graae sokkar. Eg høyrde det svalla i fremste skuten av baaten, der sat dei andre tvo som hadde kome umbord i Flaam. Dei hadde fenge upp koffertane og skulde sjaa paa sysakene sine, var det likt til.
Eg høyrde ein flaskekork small og klirr av glas som støytte saman. Daa eg hadde teke dette yversyn la eg meg i køya uppyver kan med kvite vesteryggen, hadde av sko og trøya, breidde regnekaapa yver meg og somna snart.
Eg vakna snart av ein underleg song, det var Odda-karane som hadde byrja morgonmessa, var det likt til. Alle vart vekte, det var heller ikkje stor von um aa faa sova so lenge desse fyrane heldt konsert. Han som laag i køyen under meg hadde alt fenge paa seg skorne. Han spurde etter kor eg aatte heime, og kor eg kom fraa. Sjølv fortalde han, uspurd, at han var fraa Jostedalen, og at han hadde vore i byen med nokre festykkje.
Songfuglane hadde uppdaga gjentone og heldt seg der burte. Ho med armen i fatla kom burt til oss, ho var fraa Jostedalen, ho og. Ho hadde vore budeia uti fjordane, so ho maatte slutta tenesta. Odda-karane var heilt upptekne med raudnakken, ein knytte skoreimane hennar, den andre gjekk etter vaskevatn. Ho fekk nok eit svært arbeid med aa ordna haaret sitt, karane song medan, kvar si stund. Den dei oftast song byrja slik: ”Du skal faa blonder paa buksa di, berre du vil høyra meg til”. Burte hjaa kvinnorna var det liv og rørsla, borni skulde klædast paa, pyntast og faa mat. Trisa kom inn sur og morgongretti, ein av songarane gjekk burt og fangslo henne og byrja aa syngja um blondene att. Men ho var ikkje opplagd til leik,
ho gjekk ut og varsla styremannen. Han kom inn og bad deim vera rolege. Dei meinte dei trong hava litt moro for pengane, for dei hadde betalt sju kronor flaska for konjakken i Odda. Gjenta drakk og ein og annan supen med deim.
Eg hadde sett meg leid paa dette og gjekk upp paa dekket for aa sjaa paa naturi. Fjorden var trong og fjelli var høge og bratte. Til venstre var fjorden som gjekk til Gudvangen, gamle ferdslevegen mellom Sogn og Voss. Bakarst paa baaten var nokre turistar som saag paa fjelli og dønde um kor høge dei vel kunde vera. Lenger inne var fjelli laagare og meir skogkledde, fyrst lauvskog, seinare fura. Baaten seig inn til Frønningen, her var berre fureskog so langt auga kunde naa. Nokre kassor og sekkjer vart upphavde, nokre bordtylfter umbordkasta og baaten for vidare. Eg sat på øvste dekket og saag utyver. Soli hita godt, maskina slo sterke, taktfaste slag, alt anna var stilt. Eg var aat aa sov, men jamring og styr vekte meg att. Ut fraa bondestova kom ho med raude haaret, raga burt aat luka, der byrja ho bryta seg. Ho var no i full stas,”skjorareiret” var paa plass, eit halsskinn hadde ho som rokk mest til knei. Det kunne vera turvande no sommarsdagen ! Jostedølen kom burt til meg, peikte paa henne burti luka og sa: ”No fer han rette vegen konjakken til aatte kroner flaska, og.”
Paa Lærdal gjekk mest alle kvinnor og born upp, berre ei kona med tvo born og gjenta med armen i fatla, var med eit stykke til. Det var ikkje mykje folk paa bryggjorne, mest berre dei som arbeidde og folk som kom og reiste. Det leid mot middag, eg fekk meg ein kopp kaffi og lite mat. I Solvorn gjekk Odda-karane upp, det vart no rolegare og eg la meg aa sova. I Lyster kom han Eirik umbord, han hadde mykje nytt aa fortelja fraa heime, og mykje nytt aa spyrja meg etter. Me gjekk upp paa dekket for aa sjaa heim, mor stod ute og vinka daa baaten for framum. Eg hefte ikkje lenge paa bryggja den dagen. Eg hadde havt det gildt dei tre-fire maanane eg hadde vore ute, men aller gildast var det aa koma heim likevel.